Basil Brooke vart vald til det nordirske senatet i 1921, men trekte seg frå denne posisjonen i 1922 for å vera regional kommandant for Ulster Special Constabulary (USC) i kampen mot Den irske republikanske armé (IRA).
Basil Brooke vart vald til MP i det nordirske parlamentet frå den nyskipa valkrinsen Lisnaskea i 1929, og representerte denne til han trekte seg i 1968. Han var då vald som MP ni gonger samanhengjande frå og med valet i 1929. I åtte av desse vala – alle utanom valet i 1949 – hadde han ingen motkandidat. Det fylgde av valordninga at han vart vald utan at ein einaste veljar i valkrinsen hans røysta ved åtte av dei ni vala.
Han steig raskt i politisk rang, var landbruksminister frå 1933 til 1941, handelsminister frå 1941 til 1943 og statsminister frå 1943 til 1963. I 1963 trekte han seg som statsminister på grunn av helseproblem. Ny statsminister vart då Terence O'Neill, men Basil Brooke var likevel parlamentsmedlem i det nordirske parlamentet for valkrinsen Lisnaskea til han trekte seg i 1968. Då vart sonen hans, John Warden Brooke, vald frå same valkrins. Før den tid, i 1952, steig Basil Brooke også i adelshierarkiet då han vart den fyrste Viscount Brookeborough/Lord Brookeborough og fekk ein arveleg plass i House of Lords i London i tillegg til at han då var statsminister i Nord-Irland.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.