Special Powers Act, 1922 var ei nord-irsk fullmaktslov som blei vedteke i Belfastparlamentet (Stormont) 15. mars 1922. Lova var mest retta mot IRA/Sinn Féin, men vart i nokon grad også nytta mot andre.

Faktaboks

Også kjend som

Special Powers Act (SPA)

Civil Authorities (Special Powers) Act (Northern Ireland)

Lova gav styresmaktene høve til å slå ned på faktiske eller mistenkte handlingar, demonstrasjonar eller uønskte publikasjonar med arrestasjon, internering utan rettssak, fengselsstraff, pisking, dødsstraff eller forbod.

Oppheving av Special Powers Act var eit av hovudkrava til borgarrettsrørsla i Nord-Irland mot slutten av 1960-åra. SPA vart oppheva etter at britane innførde direktestyre i 1972, og i 1973 fastsette dei ei ny lov som gav styresmaktene svært vide fullmakter.

Bakgrunnen

Den nord-irske regjeringa frå 1921 (Ulster Unionist Party) handla raskt for å hindra trugsmålet om republikansk, nasjonalistisk eller katolsk opprør mot delinga av Irland og den nord-irske regjeringa. Belfast var sentrum for valdeleg uro, og i åra rundt delinga (1920–1922) vart om lag 490 drepne i politisk vald i Belfast.

I løpet av desse åra stod lojalistiske paramilitære og politi/soldatar for størstedelen av drapa med kjend gjerningsperson: 83 prosent i 1920, 66 prosent i 1921 og 75 prosent i 1922. IRA stod bak resten av drapa. I tillegg vart tusenvis fordrivne frå arbeidsplassane sine og heimane sine, det store fleirtalet av desse var katolikkar.

Unionistane oppretta ein ny paramilitær politistyrke, Ulster Special Constabulary (USC) før delinga av Irland var eit faktum (1920). I tillegg vart Royal Irish Constabulary (RIC) vidareført som Royal Ulster Constabulary (RUC) frå 1922.

Special Powers Act vart vedteke for å gje politistyrkane og unionistpartiet, representert ved innanriksminister Richard Dawson Bates, alle fullmakter som unionistpartiet meinte det var bruk for å slå ned på væpna eller politisk opposisjon.

Frå mellombels til permanent fullmaktslov

Special Powers Act vart innførd som ei mellombels fullmaktslov i 1922,og var ei vidareføring av dei koloniale fullmaktslovene Defence of the Realm Act (1914–1915) og Restoration of Order in Ireland Act, som britane innførde for heile Irland medan den irske frigjeringskrigen pågjekk (1920). SPA vart fornya kvart år til 1928, og lova vart då vedteke for ein femårsperiode fram til 1933. Då vart lova gjort permanent, sjølv om den politiske uroa då var svært neddempa.

Mellom 1922 og 1973 kom ei lang rekkje presiseringar, tillegg og mindre endringar i Special Powers Act. Ei ny lov med svært vidtgåande fullmakter, Northern Ireland (Emergency Powers) Act, vart innførd frå juli 1973.

Special Powers Act var den viktigaste, men ikkje den einaste, fullmaktslova i Nord-Irland. To andre var Public Order Act (Northern Ireland), 1951 og Flags and Emblems (Display) Act (Northern Ireland) Act, 1954. Den første vart nytta mot uønskte paradar og demonstrasjonar, og den andre vart særleg nytta til å slå ned på bruk av det irske flagget.

Ei autoritær lov

I Special Powers Act var dei sivile styresmaktene definert som innanriksministeren eller den ministeren gav fullmakt til å opptre på vegner av seg. Styresmaktene kunne etter lova gjennomføra alle tiltak dei fann tenlege for å verna fred og orden.

SPA gjorde det også straffbart å koma til å handla i strid med lova i framtida, dersom autoritetspersonar meinte dei hadde grunn til å tru det. Med slike mistankar kunne ein òg dømast for å ikkje ha meldt frå om dette. Special Powers Act gav også høve til forbod mot publikasjonar, ytringar eller arrangement. Materiell eigedom kunne overtakast og skadar utløyste ikkje økonomisk kompensasjon. Lova gav òg høve til internering utan rettargang, arrestasjon, fengselsstraff og pisking av fangar. Slik internering utan rettargang vart nytta i stort omfang i periodane med aktive republikanske kampanjar – 1922–1924, 1938–1946, 1956–1962 og i 1971.

Pisking vart gjennomførd med nihala katt, etter tradisjonen frå den britiske marinen og den britiske hæren. Dette gjorde at lova fekk tilnamnet the flogging act blant nasjonalistane. Special Powers Act gav òg høve til å idøma dødsdomar og til å avretta rett etter domen. Dette galdt også i saker der ingen hadde vorte skadde av den tiltalde. Den dødsdømde fekk såleis ikkje rett til utsetjande anke. Domar etter SPA vart idømde i spesialdomstolar, og i tillegg gav lova innanriksministeren høve til å kontrollera eller hindra gransking av handlingane til politistyrkane eller andre offentlege tenestemenn.

Parlamentsmedlemen George Hanna (Ulster Unionist Party), hevda seinare at lova var for komplisert, og kunne vore forenkla til at innanriksministeren har fullmakt til å gjera det han vil, eller til å la andre gjera det innanriksministeren måtte ynskja for han.

Iverksetting og kritikk

Dei hovudansvarlege for den praktiske handhevinga av lova var dei to politistyrkane Royal Ulster Constabulary (RUC) og Ulster Special Constabulary (USC). Nord-Irland var gjennom-militarisert frå starten, og på det meste var om lag kvar femte mannlege vaksne protestant i væpna styrkar (RUC, USC, reservar til desse eller lokalrekrutterte til britiske hæravdelingar).

Lova vart nytta til å forby mest 100 marsjar og møte mellom 1922 og 1950. Det store fleirtalet var planlagde av nasjonalistar eller republikanarar. 140 publikasjonar vart forbodne mellom 1922 og 1972‚ dei aller fleste var gjevne ut av republikanarar, men det var òg tilfelle der kommunistiske publikasjonar vart forbodne. Alle organisasjonar som vart forbodne, med unnatak av det oppattskipa Ulster Volunteer Force (forbode i 1966), var republikanske.

Dei ekstremt vide fullmaktene Special Powers Act gav, og den hardhendte måten dei massivt unionistiske politistyrkane handheva lova på, gjorde lova forhatt blant nasjonalistane. Borgarrettsaktivistane i Northern Ireland Civil Rights Association (NICRA) og radikale studentaktivistar frå siste delen av 1960-talet gjorde oppheving av lova til eit av hovudkrava sine.

Oppheving av lova, men ny lov med vide fullmakter

Då Special Powers Act vart oppheva i 1973, hadde britiske styrkar vore tungt involverte i Nord-Irland sidan 1969 i Operasjon Banner (1969–2007). Mellom anna var dei ansvarlege for massearrestasjonar og internering frå 1971 og masseskyting blant anna på den blodige sundagen i (London)Derry 30. januar 1972. Då britane kort tid etter innførde direktestyre av Nord-Irland, overtok dei det direkte politiske ansvaret for handteringa av the troubles frå det Nord-irske parlamentet og Ulster Unionist Party. Nasjonalistar og republikanarar var difor ikkje overraska over at opphevinga av Special Powers Act vart fylgd av ei ny lov med svært vidtgåande fullmakter, Northern Ireland (Emergency Powers) Act, innførd frå juli 1973.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Donohue, Laura K. (2001); Counter-terrorist Law and Emergency Powers in the United Kingdom 1922-2000. Dublin, Irish Academic Press.
  • Farrell, Michael (1983); Arming the Protestants. The formation of the Ulster Special Constabulary and the Royal Ulster Constabulary 1920-7. London, Pluto Press.
  • Farrell, Michael (1990); Northern Ireland the Orange State. London, Pluto Press
  • O’Leary, Brendan (2019); A Treatise on Northern Ireland. Volume 2 Control. Oxford, Oxford University Press.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg