Partileiar Naomi Long, APNI

Naomi Long (biletet) har vore leiar for Alliansepartiet sidan 2016.

Partileiar Naomi Long, APNI
Av .
Lisens: OGLv1.0

Alliance Party of Northern Ireland (APNI) er eit nordirsk politisk parti skipa i 1970 av liberale unionistar frå New Ulster Movement. Partiet er kjend for å vera det einaste større partiet i Nord-Irland som ikkje har registrert seg som anten nasjonalistisk eller unionistisk i den nord-irske forsamlinga etter langfredagsavtala (1998) og som derimot har valt kategorien andre parti. Partiet er liberalt ideologisk – og har institusjonelt samband med det liberal-demokratiske partiet i Storbritannia. Ved valet til det nord-irske parlamentet i 2022 og i lokalvala i 2023 vart Alliansepartiet tredje størst i veljaroppslutnad – etter Sinn Féin og Democratic Unionist Party (DUP).

Faktaboks

Også kjend som

APNI

Alliansepartiet

Politisk utvikling og politiske standpunkt

APNI starta som eit liberalt unionistparti, men har etter kvart vorte meir både politisk og kulturelt liberalt og mindre unionistisk. Partiet har støtta nesten alle reformar av Nord-Irland, men sette seg fyrst imot kvotert 50–50-rekruttering til politiet då Royal Ulster Constabulary (RUC) vart oppløyst og omgjort til Police Service of Northern Ireland (PSNI).

APNI var sterke motstandarar av Brexit. Standpunktet i denne saka bragte APNI i sakskoallisjon med Social Democratic and Labour Party (SDLP) og Sinn Féin (SF), og i skarp konflikt med Democratic Unionist Party (DUP) og dei delane av Ulster Unionist Party (UUP) som var Brexit-tilhengjarar i perioden frå folkerøystinga om Brexit (2016) og fram til i dag. APNI er sterkt kritiske til at DUP har sytt for at Belfastparlamentet har vore ute av funksjon sidan tidleg i 2022.

APNI har klårgjort at dei ikkje vil vera pådrivarar for folkerøysting om Nord-Irland skal vera del av det Foreinte kongeriket eller verta ein del av eit samla og sjølvstendig Irland. Partiet er likevel positivt til politiske samtaler om auka samarbeid over grensa mellom Irland og Nord-Irland.

Oppslutnad i val

APNI har gjort det best i vala tidleg i si partihistorie og i dei aller siste vala. Ved vala til lovgjevande forsamlingar for Nord-Irland i 1973, 1975 og 1982 fekk APNI mellom 9 og 10 prosent oppslutnad, føre ein nedgang fylgde. I valet til Northern Ireland Assembly i 2017 fekk partiet 9,1 prosent av røystene og i 2023 fekk dei heile 13,5 prosent av røystene og 17 av 90 folkevalde i Northern Ireland Assembly.

Oppslutnaden i lokalvala fylgjer liknande utviklingsliner; 13,7 og 14,4 prosent oppslutnad i 1973 og 1977 føre eit markert fall. Ved dei to lokalvala i 2019 og 2023 fekk dei oppslutnad frå 11,5 og 13,3 prosent av røystene.

Ved vala til Westminsterparlamentet i London vert APNI råka av at valordninga er fleirtalsval i einmannskrinsar, noko som favoriserer større parti. APNI har difor berre hatt tre parlamentsmedlemer frå Nord-Irland gjennom heile partiets levetid: Stratton Mills (1973–1974) frå Nord-Belfast, Naomi Long (2010–2015) frå Aust-Belfast og Stephen Farry (2019–) frå North Down. Det er eit tydeleg mynster i at APNI med få unnatak får lågast oppslutnad i rurale valkrinsar langt vest i Nord-Irland eller nær grensa til Irland.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Eggins, Brian (2015); History and hope. The Alliance Party of Northern Ireland. The History Press Ireland.
  • Mitchell, David (2018); Non-Nationalist Politics in a Bi-National Consociation: The Case of the Alliance Party of Northern Ireland. Nationalism and Politics, august 2018.
  • Murphy, Mary C. (2023); The rise of the middle ground in Northern Ireland. What does it mean? The Political Quarterly Vol 94 no 1.
  • Tonge, Jonathan (2020): Beyond Unionism versus Nationalism: The Rise of the Alliance Party of Northern Ireland. The Political Quarterly Vol 90 no 2.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg