Sigri Sandberg

Faktaboks

Sigri Sandberg
Født
23. august 1975, Bergen, Vestland
Av /Gyldendal.

Artikkelstart

Sigri Sandberg er ein norsk frilansjournalist, tekstforfattar, forfattar og villmarksentusiast som har skrive eit titals bøker om natur, klima og friluftsliv, fleire av dei saman med polfarar Cecilie Skog.

Bakgrunn

Sigri Sandberg er fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland) og voks opp i både Bergen og i Gulen kommune i Sogn og Fjordane (no Vestland). Ho tok vidaregåande skule i 1991–1994 og er utdanna journalist frå Høgskolen i Oslo og Akershus (no OsloMet – storbyuniversitetet). Ho har òg studert nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen.

Journalistikken

Sandberg har vore tilsett i fleire aviser, mellom anna Dagens Næringsliv i 2000–2003, Svalbardposten i 2003–2005 og Ny Tid i 2005–2007. Ho har arbeidd frilans sidan 2007 og har skrive for mellom anna Dagbladet, Morgenbladet, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, VG, Kvinner og Klær, A-magasinet, friluftsmagasinet UTE og ulike fagtidsskrift.

Forfattarskapen

Sandberg er allsidig og skriv i mange sjangrar – frå biletbøker og ungdomsbøker til historiebøker, dokumentarar og friluftsbøker. Sandberg skriv både bokmål og nynorsk.

Ho har budd åtte år på Svalbard, og Klimaboka. På cruise dit verda smeltar (2011, debattbok for ungdom), Polarheltinner (2012) og biletboka Vindtrollet (2015) er alle lagde til arktiske strok. Saman med polfarar Cecilie Skog har ho mellom anna skrive bøkene Cecilie Skog og de tre polene (2006), Antarktis. 71 dager, 1800 kilometer og én million tanker (2011) og Et friluftsliv (2014).

Sandberg held òg foredrag og har skrive tekstar til plata Vind (2016) saman med musikar Liv Mari Schei, og ho har laga filmkonserten Polar eufori.

Bibliografi

  • Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus. Seks samtalar og eit isbad med biskop Kari Veiteberg (Sakprosa, Samlaget, 2021)
  • Mørke (Sakprosa, Samlaget, 2019)
  • Polar kjærlighet (Gyldendal, 2018)
  • Treboka. Fakta og fortellinger om norske trær (Gyldendal, 2017)
  • Hva skjer med været, lesehefte til Salto, trinn 9 (Gyldendal, 2016)
  • Vindtrollet (Barnebok, Orkana forlag, 2015)
  • God tur. Håndbok i friluftsliv (Kagge Forlag, 2015)
  • Frykt og jubel i Jotunheimen. Historisk dokumentar (Skald forlag, 2015)
  • Et friluftsliv. Sammen med Cecilie Skog (Gyldendal, 2014)
  • Polarheltinner (Biografier og memoarer, Gyldendal, 2012)
  • Klimaboka – på cruise dit verda smeltar (Sakprosa for barn og ungd, Samlaget, 2011)
  • Antarktis. Sammen med Cecilie Skog (Gyldendal, 2011)
  • Til Rolf. Sammen med Cecilie Skog (Sakprosa, Gyldendal, 2009)
  • Ballongmamma (Barnebok, Samlaget, 2009)
  • Kjærleikar (Biografier og memoarer, Samlaget, 2006)
  • Cecile Skog og de tre polene. Sammen med Cecilie Skog (Sakprosa, Wigestrand Forlag, 2006)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg