Rettskrivingsreforma av 2012 gjaldt nynorsk. Det viktigaste føremålet med reforma var det same som med bokmålsreforma i 2005: å oppheve systemet med ein læreboknormal og eit supplerande tilfang av sideformer som skulle vere valfrie for skuleelevar i deira skriftlege arbeid, men ikkje brukast i lærebøker. Det var òg eit mål å redusere valfridommen på den måten at former som var lite brukt i skrift vart tatt ut av rettskrivinga.

Nemnda som førebudde reforma, hadde ein fordel som tidlegare rettskrivingsnemnder hadde mangla, nemleg tilgang til omfattande tekstkorpus basert på publiserte nynorske tekster i mange sjangrar. Med det hadde dei eit meir solid fagleg grunnlag for avgjerdene sine enn føregangarane deira hadde hatt, og dei forma ut ei rettskriving som reflekterte den faktisk brukte nynorsken meir enn ei språkpolitisk målsetting om å fremme ei utvikling i ei viss lei.

Bakgrunn

Læreboknormalen av 1959 fungerte etter kvart stabiliserande på nynorsken, noko som også hadde samanheng med at den interne fraksjonskampen innanfor målrørsla dempa seg på sekstitalet. Den dominerande ideologien i rørsla, særleg i den yngre generasjonen, utover på syttitalet kom etter kvart til å gå i retning av eit folkemålssyn, der det vart viktig å prioritere former som låg nær talemålet i flest mogleg delar av landet.

Det var framleis mange obligatoriske former i nynorsknormalen som mange opplevde som forelda og framandvorne i bruk, og frå slutten av syttiåra, første gongen i 1978, vedtok nynorskseksjonen i Norsk språkråd å tillate nye valfrie former med breiare talemålsunderlag ved sida av dei tradisjonelle. Det vart ikkje gjort i éi stor reform slik som i bokmålet i 1981, men i ein serie delreformer som kunne omfatte enkeltord eller strukturelle drag. Dei nye formene som kom inn, kunne både innebere tilnærming til bokmål og det motsette. I 1978 vart såleis flass, midd, skramme og true tillatne jamsides med flas, mit, skråme og truge, som hadde vore obligatoriske fram til da. I 1984 vart endinga -a i svake hokjønnssubstantiv tillaten som sideform til hovudforma på -e: ei veke [ei veka], og sideforma me vart jamstilt med vi i læreboknormalen.

Etter kvart vart fleire tilnærmingsformer nedgradert til sideformer, som bråte, dråpe og tåle (hovudform: brote, drope, tole) i 1984, og annen og hennes (hovudformer: annan og hennar) i 1986. I 1987 vart fortidsformer på -de i svake verb der stamma enda på -r- (til dømes føre, styre), som vart tatt ut or rettskrivinga i 1959, tillatne att, så førde, styrde og førte, styrte no var jamstilt. I 1992 vart so sideform til , og i 1996 fekk hankjønnsubstantiv på -a og -nad sideformer på -ar i fleirtal jamsides det tradisjonelle -er, som til da hadde vore eineformer. Døme: sofaer – sofaene [sofaar – sofaane], månader – månadene [månadar – månadane].

I 1990-åra oppstod det eit nytt ordskifte om nynorskrettskrivinga, og både valfriheita og tilnærminga til bokmål kom under åtak. I 1996 kom saka opp i nynorskseksjonen i Norsk språkråd. Det var no klart, etter fleire rundar med klattvise rettskrivingsendringar, at det trongst ein ny systematisk og prinsipiell gjennomgang av rettskrivinga som heilskap med tanke på ei mogleg ny reform.

Prosedyre

Nemnda som utarbeidde framlegg til ny nynorskrettskriving

Medlemmene i nemnda som utarbeidde framlegget til ny nynorskrettskriving. Frå venstre: Svend Arne Vee, redaktør i Firdaposten, Ragnhild Bjørge, journalist og reportasjeleiar i NRK Dagsnytt, Tore Elias Hoel, forfattar og lektor ved Bodø videregående skole, Unn Røyneland, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og Høgskulen i Volda, Aud Søyland, sekretær for nemnda, ordlisteredaktør og språkrettar, Karin Magnetun, lærar ved Torpo barneskule, Åse Wetås, leiar for arbeidet i Norsk Ordbok 2014, og nemndleiaren Grete Riise, seniorrådgjevar og nettredaktør hjå Fylkesmannen i Hordaland.

Nemnda som utarbeidde framlegg til ny nynorskrettskriving
Av .

Nynorskseksjonen i Norsk språkråd var, liksom målrørsla generelt, nokså delt i synet på korleis nynorskrettskrivinga burde vere. Éi gruppe ønskte ein innstramma normal med lite valfridom, ei anna ønskte ein normal med ein meir romsleg valfridom som gjorde det mogleg for språkbrukarar frå ulike landsdelar å nærme skriftspråket til si eiga dialekt. Da seksjonen på rådsmøtet i 1997 diskuterte denne saka for å finne fram til eit samlande sett prinsipp, landa dei på eit kompromiss. Det gjekk ut på å stramme inn læreboknormalen, og der prioritere former med grunnlag i den nynorske skrifttradisjonen. Til gjengjeld skulle ein ha eit liberalt tilfang av tillatne sideformer, der utbreidde talemålsformer i ulike landsdelar skulle få plass.

Dei neste par åra gjekk nynorskmedlemmene i fagnemnda gjennom rettskrivinga med tanke på ei konkret utforming av ein normal basert på desse prinsippa. Den vart lagt fram for rådet på årsmøtet i 2000, og drøfta og vedtatt der. Resultatet vart sendt til Kulturdepartementet som Språkrådets framlegg til ny nynorskrettskriving, parallelt med eit tilsvarande reformframlegg for bokmålet. Ein skilnad mellom desse to framlegga var at bokmålsseksjonen hadde vedtatt å gå inn for å avskaffe skiljet mellom hovudformer (lærebokformer) og sideformer som var tillatne for elevar – mens nynorskseksjonen altså la ekstra vekt på dette skiljet innanfor si målform.

Departementet melde tilbake mot slutten av 2000, og bad begge seksjonane arbeide vidare med reformframlegga. For nynorsk spesielt ønskte departementet å få vurdert ei avskaffing av skiljet mellom hovudformer og sideformer også i den målforma. Dermed måtte nynorskseksjonen ta fatt på revisjonsarbeidet igjen, og no frå ein heilt annan kant enn i 1997.

Språkrådet sette i 2001 ned ein komité til å gjere dette arbeidet. Også denne komiteen var delt i to meiningsgrupper etter det mønsteret som er skildra ovanfor. Arbeidet resulterte i to alternative framlegg som vart lagt fram for nynorskseksjonen på eit møte våren 2002. Da vedtok seksjonen å gå bort frå skiljet mellom hovudformer og sideformer, liksom det hadde vorte gjort for bokmål. I valet mellom dei to alternative normframlegga vart det vedtatt med eit lite fleirtal å basere seg på det liberale alternativet, men stramme det noko inn. Utover året arbeidde komiteen vidare med framlegget, og om hausten 2002 vart det lagt fram til offentleg høyring med dei ulike alternativa spesifisert.

Høyringa, som mest engasjerte målorganisasjonar og norskfaglege miljø, viste at skiljet mellom hovudformer og sideformer framleis hadde stor oppslutning ute blant språkbrukarane. Blant dei som ønskte å avskaffe denne ordninga, var det fleirtal for ei innstramming i normalen slik at tradisjonelle former vart favorisert.

Framlegga frå komiteen og resultata av høyringa vart lagt fram for nynorskseksjonen framfor årsmøtet i 2003. Det viste seg da at fleirtalet i seksjonen no ønskte å lytte til stemninga blant språkbrukarane, og dermed halde fast på skiljet mellom hovudformer og sideformer. Prinsippet frå 1997, nemleg ei innstramming av læreboknormalen, men ei opning for større valfridom i sideformtilfanget, vart dermed stadfesta – om enn modifisert på ein del enkeltpunkt. Dette vedtaket frå rådsmøtet i 2003 vart deretter sendt over til Kulturdepartementet.

Departementet ønskte likevel ikkje å godkjenne dette resultatet, men la førebels saka på is. I dei følgjande par åra vart Norsk språkråd omorganisert til eit anna organ, utan ei rådsforsamling med to seksjonar, men med eit departementsoppnemnt styre og eit sekretariat, og med Språkrådet som offisielt namn (ikkje lenger Norsk språkråd). I 2008 la departementet fram ei omfattande stortingsmelding om norsk språkpolitikk med tittelen Mål og meining. Her vart det òg gitt retningsliner for den normeringspolitikken som skulle følgjast. På grunnlag av dette dokumentet fekk så Språkrådet i 2009 i oppdrag å forme ut ei ny nynorskrettskriving utan noko skilje mellom hovudformer og sideformer. Ei rettskriving etter denne modellen var alt innført for bokmål i 2005.

Språkrådet sette så ned ei ny nemnd til å forme ut ei ny rettskriving. Grete Riise vart nemndleiar, og medlemmene representerte både norskfagsmiljøa på universiteta og profesjonelle språkbrukarar elles. Denne nemnda fekk ganske frie hender i sjølve normeringsarbeidet, men det var ein føresetnad at ein skulle legge vekt på faktisk skriftspråksbruk i det nynorske språksamfunnet. Her hadde ein no betre hjelpemiddel enn tidlegare i eit omfattande tilfang av digitale tekstkorpus som kunne brukast til å kartlegge formbruken i den nynorske litteraturen – både skjønnlitteratur og sakprosa. I tillegg la nemnda regelmessig ut førebelse framlegg til offentleg ordskifte, deltok aktivt i opne ordskifte om framlegga og heile rettskrivingspolitikken, og tok omsyn til reaksjonar blant språkbrukarane på desse framlegga. Det endelege framlegget vart lagt fram våren 2011, og godkjent av departementet seinare same året. Det vart bestemt at den nye rettskrivinga skulle gjelde frå sommaren 2012.

Innhaldet i reforma

I ei rekke bøyingskategoriar vart sideformer i den eksisterande rettskrivinga tatt ut. Det gjaldt både tradisjonelle og tilnærmingsprega former, og det omfatta fleire ordklasser. Men i andre kategoriar vart sideformer jamstilt med dei eksisterande hovudformene, basert på at dei var blitt vanlege i bruk, og at dei kunne bidra til å forenkle regelsystemet.

Innstrammingar i substantivbøyinga

I substantivbøyinga gjaldt det endingane -i i eintal av sterke hokjønnsord og fleirtal av inkjekjønnsord, -a i grunnforma av svake hokjønnsord, og -or – -one i fleirtal av svake hokjønnsord. Tidlegare hadde systemet vore slik, her illustrert med eksempelorda skål, side og fjell:

  • skål – skåla [skåli] – skåler – skålene
  • side [sida] – sida – sider [sidor] – sidene [sidone]
  • fjell – fjellet – fjell – fjella [fjelli]

No skulle dei følgjande formene vere eineformer:

  • skål – skåla – skåler – skålene
  • side – sida – sider – sidene
  • fjell – fjellet – fjell – fjella

Liberaliseringar i substantivbøyinga

Fleirtalsbøying på -ar vart no tillate i alle hankjønnsord, også der læreboknormalen tidlegare hadde hatt former på -er. Det gjaldt også ord som enda på -a eller -nad. Tilsvarande vart fleirtal på -er tillate i alle hokjønnsord, også der læreboknormalen hadde hatt former på -ar. Her vart ord på -ing unntatt; dei skal framleis ha endinga -ar enten dei er hankjønnsord eller hokjønnsord (altså berre kjerringar og dronningar, som før).

Vi bruker her hankjønnsorda gjest, sofa og søknad og hokjønnsordet elv som døme. Systemet fram til 2012 var slik:

  • gjest – gjesten – gjester [gjestar] – gjestene [gjestane]
  • sofa – sofaen – sofaer [sofaar] – sofaene [sofaane]
  • søknad – søknaden – søknader [søknadar] – søknadene [søknadane]
  • elv – elva – elvar [elver] – elvane [elvene]

Etter reforma er systemet slik:

  • gjest – gjesten – gjestar / gjestergjestane / gjestene
  • sofa – sofaen – sofaar / sofaersofaane / sofaene
  • søknad – søknaden – søknadar / søknadersøknadane / søknadene
  • elv – elva – elvar / elverelvane / elvene

Innstrammingar i verbsystemet

I infinitiv av verb skulle endingane -a (hosta, vera) og -e (hoste, vere) framleis vere jamstilt, og det skulle også vere høve til å bruke kløyvd infinitiv etter tradisjonelle fordelingsreglar (hoste, vera). I oppstillingane nedanfor er alle verb i infinitiv referert med endinga -e.

I sterke verb vart endinga -er i presens og -i i perfektum partisipp tatt ut. Som døme tar vi verba lese og sove. Inntil 2012 var systemet der slik:

  • lese – les [leser] – las – lese [lesi]
  • sove – søv [søver] – sov – sove [sovi]

No skulle dei følgjande formene vere eineformer:

  • lese – les – las – lese
  • sove – søv – sov – sove

I tillegg vart endinga -s i refleksiv og passiv, som hadde vore sideform sidan 1938, tatt ut, og -st er no eineform. Døme på systemet fram til 2012: snakkast [snakkas], slåst [slåss]. No er snakkast og slåst eineformer.

Preteritum av svake verb

I svake verb som i preteritum enda på -de eller -te, hadde det vore ein god del vakling i tidlegare reformer. No vart det gjort ein del omreguleringar; såleis skulle former på -de i verb der stamma enda på -r (døme: førde, lærde) falle bort og formene på -te vere obligatoriske (førte, lærte).

Samsvarbøying i perfektum partisipp

Samsvarbøying av verb i perfektum partisipp var eit gammalt problemområde i nynorsk rettskrivingsnormering. No vart slik samsvarbøying gjort valfri i predikativ stilling i svake verb med preteritum på -de eller -te, men obligatorisk i attributiv stilling og alltid i sterke verb.

Det kan illustrerast med dei følgjande døma, der lese representerer dei sterke verba, gløyme dei svake verba med preteritum på -de (gløymde), og låne dei svake verba med preteritum på -te (lånte):

Attributiv stilling, sterke verb:

  • ein lesen roman – ei lesen bok – eit lese dokument – lesne aviser

Predikativ stilling, sterke verb:

  • romanen er lesen – boka er lesen – dokumentet er lese – avisene er lesne

Attributiv stilling, svake verb med preteritum på -de eller -te:

  • ein gløymd plastpose – ei gløymd sak – eit gløymt brev – gløymde plastposar
  • ein lånt pengesum – ei lånt bok – eit lånt beløp – lånte bøker

Predikativ stilling, dei same gruppene av svake verb:

Her er samsvarbøyinga valfri. Vil ein gjennomføre slik bøying, blir det etter dette mønsteret:

  • plastposen er gløymd – saka er gløymd – brevet er gløymt – plastposane er gløymde
  • pengesummen er lånt – boka er lånt – beløpet er lånt – bøkene er lånte

Vil ein la verbet stå ubøygd, bruker ein perfektumforma etter har (har gløymt, har lånt):

  • plastposen er gløymt – saka er gløymt – brevet er gløymt – plastposane er gløymt
  • pengesummen er lånt – boka er lånt – beløpet er lånt – bøkene er lånt

I verb med preteritum på -te, som låne, blir det altså berre skilnad på dei to alternativa i fleirtal.

Adjektiv på -en

I adjektiv på -en hadde bøyingssystemet tidlegare vore slik, illustrert med dømet open:

  • ein open port – ei open [opi] dør – eit ope / opi [opent] hus – opne dører

Her vart det gjort ei innstramming og forenkling i 2012, så systemet vart slik:

  • ein open port – ei open dør – eit ope / opent hus – opne dører

Endingane -leg og -ete i adjektiv og adverb

I adjektiv og adverb hadde endinga -leg før hatt sideforma -lig: vanleg [vanlig]. Denne forma vart tatt ut i 2012, så vanleg er no eineform. På same måten vart dei tidlegare jamstilte endingane -et og -ut i ord som rutet/rutete/rutut tatt ut, og -ete, i dette dømet altså rutete, gjort til eineform.

Retningsord med bindeleddet -a- eller -an- (innafor / innanfor)

I samansette retningsord med bindeleddet -a- eller -an- (typen innafor / innanfor og utafor / utanfor) vart formene på -a- tatt ut or rettskrivinga og -an- (innanfor, utanfor) gjort obligatorisk.

Pronomen

I pronomensystemet vart det gjort nokre innstrammingar og ei liberalisering.

Av tidlegare sideformer eller jamstilte hovudformer vart desse tatt ut or rettskrivinga: honom, hennes, deires, annen, noen – noe, sumt – sume. Eineformer er no han (også som objektsform), hennar, deira, annan, nokon – noka – noko – nokre, somt – somme. I andre person fleirtal vart formene dokker – dokker – dokkar (eigeform) tatt inn og jamstilt med det tradisjonelle mønsteret de – dykk – dykkar. Dette var fordi dokker ekspanderer mykje i talemålet i store delar av dei nynorskbrukande områda.

Valfrie former med og utan -j-

Nokre substantiv og mange verb hadde hatt valfrie former med og utan -j- i endinga, for det meste med -j- i læreboknormalen, og sideformer utan -j-: Døme:

  • Substantiv: rekkje [rekke], bryggje [brygge], slyngje [slynge]
  • Verb: leggje [legge], liggje [ligge], ringje [ringe], tenkje [tenke], setje [sette], sitje [sitte]

I 2012-rettskrivinga er formene med og utan -j- i dei fleste ord i denne gruppa jamstilt:

  • Substantiv: rekkje / rekke, bryggje / brygge, slyngje / slynge
  • Verb: leggje / legge, liggje / ligge, ringje / ringe, tenkje / tenke, setje / sette, sitje / sitte

Enkeltord

Det vart gjort ein god del endringar i enkeltord. Den følgjande lista viser nokre av dei vanlegaste orda det vart gjort endringar i:

  • gløtt [glytt] -> glytt / gløtt
  • lyfte [løfte] -> lyfte / løfte
  • sølv [sylv] -> sylv / sølv
  • syster [søster] -> syster / søster
  • sommar [sumar] -> sommar / sumar
  • flote / flåte -> flåte
  • brote [bråte] -> bråte
  • drope [dråpe] -> drope
  • tole [tåle] -> tole
  • anten [enten] -> anten / enten
  • seter [sæter] -> seter
  • skremme [skræme] -> skremme
  • særleg [serleg] -> særleg
  • hær [her] -> hær
  • draum [drøm] -> draum
  • drøyme [drømme] -> drøyme
  • gløyme [glømme] -> gløyme
  • høre / høyre -> høyre
  • kjøre / køyre -> køyre
  • røyst [røst] -> røyst
  • døy [dø] -> døy
  • no [nå] -> no / nå
  • [so] -> so / så
  • berre [bare] -> berre
  • mykje / mye -> mykje

Gjennomføring og resultat

Den nye rettskrivinga tok til å gjelde sommaren 2012. Ho vart noko omdiskutert dei første åra. Kritikken gjekk delvis ut på at valfridommen framleis var for stor, delvis at normalen braut for mykje med den tradisjonelle nynorsken, delvis at for mange former med austnorsk preg var tatt ut or normalen.

Men dette ordskiftet varte ikkje lenge; etter kvart har dei fleste godtatt 2012-rettskrivinga som eit brukeleg kompromiss mellom dei ulike fraksjonsstandpunkta blant nynorskfolk i rettskrivingsspørsmålet. Truleg har det verka til fordel for reforma at komiteen la så sterk vekt på å basere seg på dei formene og mønstra som hadde dominert i den skriftlege språkbruken i dei siste tiåra, slik at mange språkbrukarar ikkje oppfatta reforma som ei stor endring i forhold til det dei var vane med.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg