losje (foreining)

Losje er eit anna ord for foreining, og ordet blir oftast brukt om frimurarlosjar og andre lukka foreiningar, der nye medlemmer blir tekne opp etter tilråding frå andre medlemmer. Eit fellestrekk for mange av desse losjane er bruken av ritual.

Faktaboks

Uttale
lˈosje
Etymologi
av fransk loge
Også kjent som

loge

Fråhaldslosjane, som også blir kalla godtemplarlosjar, er derimot opne for alle som gir fråhaldsløfte.

Nokre av dei mest kjende losjane i Noreg, utanom frimurarlosjane, er Odd Fellow-ordenen, Mariaordenen og Druidordenen. Mariaordenen er berre for kvinner. Det same er Birgittalosjen, som har utspring frå Druidordenen. Frimurarlosjane er berre for menn.

Fleire losjar, som Odd Fellow, baserer mykje av verksemda på humanitær innsats i det sivile samfunnet.

Den norske Frimurerorden er den eldste losjeverksemda her til lands og har røter tilbake til 1700-talet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer (2)

skrev Roar Gudding

Jeg har i en melding til redaktøren gitt uttrykk for at "Rotary" må strykes i omtalen av kjente losjer.
Hva er begrunnelsen for dere fortsatt mener at Rotary er et eksempel på en losje? Er det en referanse/kilde for beslutningen?
I jubileumsboka til Oslo Rotary Klubb "Omtanke uten baktanke" omtales de problemene den feilaktige koblingen til frimureri skapte for Rotary i mellomkrigsårene.
På vegne av mange rotarianere vil jeg gjerne ha en begrunnelse for at Rotary beskrives som losje.

skrev Roar Gudding

Mange takk for endringen

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg