Minnetog for Den blodige søndagen

Frå 1969 til 1998 var Nord-Irland prega av valdeleg konflikt mellom paramilitære grupper på republikansk og lojalistisk side og statsmaktene ved politistyrkane og den britiske hæren. I Derry marsjerer folk kvart år til minne om dei 14 demonstrantane som vart skotne og drepne av britiske soldatar i 1972, i det som er kjent som Den blodige søndagen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Den blodige søndagen
Ein væpna britisk soldat tek tak i ein demonstrant under masseskytinga 30. januar 1972, seinare kjent som den blodige søndagen. 14 menneske blei drepne.
Av /NTB Scanpix.
Den blodige søndagen
Den blodige søndagen førte til kraftig uro. Bygningar i brann i Bogside-distriktet i Derry 1. februar 1972, to dagar etter masseskytinga.
Av /NTB Scanpix.

Den blodige søndagen var ei masseskyting som gjekk føre seg i Derry (Londonderry) i Nord-Irland søndag 30. januar 1972. Britiske soldatar opna eld mot ein borgarrettsmarsj og skaut mot 26 sivile som ikkje var væpna. 14 menneske (13 omgåande og 1 seinare) vart drepne og 16 såra. Demonstrantane vart skotne på av britiske skarpskyttarar som låg på hustaka rundt i Bogside-området i Derry. Mange vart skotne medan dei flykta eller prøvde å hjelpe andre.

Faktaboks

Også kjend som

Bogside-massakeren

engelsk Bloody Sunday

irsk Domhnach na Fola

Protestmarsjen var organisert av den nordirske borgarrettsrørsla (Northern Ireland Civil Rights Association – NICRA). Det var ein fredeleg protestmarsj, og alle som var skotne mot, var katolikkar og nasjonalistar.

Dei sivile protesterte mot at britiske styresmakter innførte internering (internment), som igjen vart innført av Stormont-regjeringa i Nord-Irland i august 1971. Føremålet var å arrestere og fengsle mistenkte utan lov og dom i den krigsliknande tilstanden Nord-Irland hadde kome inn i i åra etter 1968 då den omlag tretti år lange perioden «The troubles» braut ut. I dei fire åra interneringa varte, vart 342 personar arresterte og fengsla utan lov og dom, mistenkte for å samarbeide med Den irske republikanske hæren (IRA). IRA kjempa mot den britiske staten for ei gjenforeining mellom republikken Irland og britiske Nord-Irland.

Episoden er rekna som ein av dei verste i uroa i Nord-Irland mellom 1968 og 1998, og auka motstanden mot britisk nærvær i provinsen og rekrutteringa til IRA. Den blodige søndagen førte også til at nordirske sjølvstyre på Stormont vart avskaffa, og den britiske regjeringa vedtok å styre provinsen direkte frå London.

Saman med masseskytinga fallskjermjegerane gjennomførte i Ballymurphy (1971) og masseinterneringa frå 1971, øydela Den blodige søndagen og forsøka på å kvitvaske masseskytinga forholdet mellom dei britiske soldatane og nasjonalistane i Nord-Irland så mykje at den britiske hæren aldri greidde å rette dette opp.

Etterforsking

To uavhengige undersøkingar har vore gjennomførte av britiske regjeringar etter Den blodige søndagen.

Den første – The Widgery Tribunal – kom rett i etterkant av hendinga, og frifann dei britiske soldatane for skuld. Det medførte store protestar i Nord-Irland, spesielt blant dei katolske nasjonalistane. Undersøkinga sette i gang ei offentleg mord-etterforsking, men det blei funne for lite bevis til å sikte meir enn ein soldat. Han er omtalt som Soldat F, og vart ikkje dømd.

Same året vart oberstløytnant Derek Wilford, som var øvstkommanderande for fyrste bataljon i fallskjermjegerregimentet på Den blodige søndagen, tildelt heidersutmerkinga offiser i den Britiske Imperieordenen (OBE). Ein av hans overordna i Nord-Irland, brigader Frank Kitson, hadde lang røynsle i å slå ned antikoloniale opprør t.d. Mau Mau-opprøret i Kenya (1952–1960) og i Britisk Malaya (1948–1960). Han vart den fremste britiske militærstrategen for såkalla lågintensitetsoperasjonar og for infiltrasjon og organisering av såkalte «countergangs» for å skape indre konflikt mellom grupper i britiskkontrollerte område. Etter den blodige søndagen vart han kommandør i den Britiske Imperieordenen (OBE), og vart seinare øvstkommanderande for dei britiske landstyrkane.

Den andre undersøkinga – The Saville Inquiry – pågjekk mellom 1998 og 2010. Denne undersøkinga konkluderte i 2010 med det motsette – at skytinga både var «uforsvarleg» og «urettmessig». Undersøkinga la all skuld på dei britiske soldatane og fekk dåverande statsminister i Storbritannia, David Cameron, til å gi ei unnskyldning utan atterhald (forbehold) på vegner av den britiske staten.

Framleis er ingen dømde for masseskytinga i 1972.

Det irske rockebandet U2 skreiv «Sunday Bloody Sunday» til minne om hendinga og dei omkomne. Denne vart gitt ut i 1983.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg