Kviteseidvatnet er eit vatn i Telemarksdraget i Kviteseid kommune i Telemark. Det ligger 72-69 moh. Vatnets areal er 13,5 km2. Kviteseidvatnet er ein djup fjordsjø. Det største målte djupn er 201 meter. Det er 9,2 km langt og 2,3 km på det breiaste. I den nordvestre enden strekker vatnet seg gjennom eit trongt sund enda 4 km innover den smale Sundkilen til Kviteseid sentrum. Kviteseidvatnet vart fyrste gongen regulert i 1892.
Kviteseidvatnet er det midtre av vatna Bandak, Kviteseidvatnet og Flåvatn, som alle ligg på same reguleringshøgde 72–69 moh. Det tronge sundet som knyter det til Bandak heiter Straumen, mens sundet nedstraums mot Flåvatn blir kalla Fjågesund-straumen. Dei tre vatna inngår i Bandak-Norsjøkanalen, og blir trafikkert av turistbåtar om sommaren.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.