John er eit mannsnamn som via det greske I(h)oannes går tilbake til det hebraiske Jochanan med tydinga ‘Gud er nådig’.

Stavemåten med [h] kan i dag tolkast som påverknad frå det engelske John, men alt på 1700-talet var denne stavemåten vanleg i Noreg. På det tidspunktet var det liten engelsk påverknad på norsk namneskikk.

Namnet har fleire variantar: John, Jon, Jonn, Jånn.

Kjende personar med namnet John

Eit utval personar med namnet John, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 18 973 menn i Noreg som hadde John som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og John var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 35 gutar som fekk namnet John.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Jon og John slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Jon og John var mykje brukte tidleg på 1800-talet, og i perioden 1800–1819 låg Jo(h)n som nummer 8 på ranglista. Mens stavevarianten John hadde toppfasen sin 1925–1934 på 1900-talet, var Jon mest brukt noko seinare (1965–1969). For både John og Jon fell dette innanfor den perioden (1920–1979) da dei fleste einstava nordiske namna var mest populære, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, Svein/Svenn og Ulf.

Utvikling i bruk av namnet John frå 1880
Utvikling i bruk av namnet John frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg