Artikkelstart
Jacob Rasch var ein norsk skulemann og språkmann. Han samla ord frå stavangerdialekten og omsette delar av Romarbrevet til jærdialekt.
Jacob Rasch. Måleri i Oslo bymuseeum. Bilete frå Norsk biografisk leksikon
Jacob Rasch var ein norsk skulemann og språkmann. Han samla ord frå stavangerdialekten og omsette delar av Romarbrevet til jærdialekt.
Jacob Rasch var fødd på Kvalbein i Ogna (no Hå) i Rogaland og døydde i Kristiania (no Oslo). Han tok eksamen ved den lærde skulen i Stavanger i 1688, teologisk embetseksamen ved universitetet i København i 1692 og vart magister philosophiae i 1696.
Rasch var interessert i mange fag, studerte medisin og språk, mellom anna gresk, hebraisk, syrisk, kaldeisk og arabisk, og skreiv om emne i medisin, botanikk, matematikk, jus og filosofi. Særleg var han oppteken av norsk historie og filologi. Frå 1700 var han huslærar hos admiral Frederik Giedde i Danmark, og frå 1706 til han døydde, var han rektor ved katedralskulen i Kristiania.
For å auke kunnskapen om norsk språk gjorde han framlegg om å samle inn materiale frå norske dialektar. Sjølv laga han ei ordsamling frå stavangerdialekten og omsette til jærmål første kapitlet av Romarbrevet. Ein dansk grammatikk med døme frå norske dialektar vart aldri fullført.
Når det galdt skriftspråket, ønskte han ei rettskriving som bygde meir på talemålet. Han ville gjere dansk til skulefag og gjekk inn for dansk som opplæringsspråk i staden for latin i den lærde skulen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.