Fante-Anne

Fante-Anne er ein norsk film frå 1920. I norsk filmhistorie innleia filmen ei nasjonalromantisk «bølgje» og sette ein ny standard for profesjonalitet. Stumfilmen vart Rasmus Breisteins debut som regissør og er tufta på Kristofer Jansons bondeforteljing med same namn. Svart-kvitt-dramaet skildrar den viltre taterjenta Anne gjennom oppvekst, forelsking, avvising, brannpåsetjing og løysinga på det heile.

Tittelrolleinnehavar Aasta Nielsen må ikkje verte forveksla med den danske stumfilmstjerna Asta Nielsen.

Det nasjonale gjennombrotet

Fante-Anne er kalla «det nasjonale gjennombrotet» i norsk filmhistorie. Filmen var den første med profesjonelle skodespelarar i dei berande rollene, alle frå teater i Oslo. Vel så viktig var Gunnar Nilsen-Vig som kameramann. Fante-Anne var òg først ut med å basere seg på eit litterært verk. Han innleia bygdeskildringane i norsk film og nytta norsk natur til å skape nasjonal identitet.

Handling

Den foreldrelause Anne veks opp på storgarden Storlien. Som unge vaksne vert ho og pleiebroren Haldor forelska. Mora påpeikar at Anne har ukjent opphav, og Haldor går for den velståande sambygdingen Margit Moen. Ei provosert Anne sett fyrhuset som vert bygd til brudeparet. Husmannen Jon har lenge hatt eit godt auge til Anne. Det endar med at han tek på seg skulda for brannen og går i fengsel. Ved lauslatinga dreg Anne, Jon og Jons mor til Amerika – med tekstplakatens ord: «det land der hver mand kan være sig selv – uten standsforskjell og fordommer».

Om filmen

Fante-Anne fekk god kritikk. Saman med Leif Sinding og Tancred Ibsen skulle Rasmus Breistein utgjere dei sentrale norske filmregissørane i mellomkrigstida. Det er ikkje funne musikknoter til framvisingane, men me veit at Breistein sjølv akkompagnertehardingfele. Ved restaurasjonen i 2011 komponerte Halldor Krogh filmmusikk for hardingfele og orkester.

Som bygdeskildring lét Fante-Anne seg inspirere av svenske filmsuksessar som Synnøve Solbakken og Et farlig frieri, båe frå 1919 etter bondeforteljingar av Bjørnstjerne Bjørnson. Fante-Anne er ein av dei mange norske taterfilmane frå mellomkrigstida.

Lengde: 1 time og 12 minutt

Eit utval medverkande

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg