Fændrik spiller gitar

Ein syngande og gitarspelande Fændrik.

Fant frå 1937 er den største suksessen av mellomkrigstidas mange norske filmar om taterar (romanifolk). Tancred Ibsen regisserte svart-kvitt-dramaet etter Gabriel Scotts roman med same namn. I tittelrolla spelar Alfred Maurstad tateren Fændrik. Sonja Wigert gir liv til unge norske Josefa, som er fanga i båten hans. Fant er kalla eit vendepunkt i norsk filmhistorie fordi han tok i bruk ein meir verknadsfull forteljarstil.

Ordet fanthar fleire meiningar. Ei av dei er tater som reiser i traktene rundt sørlandskysten. Hovudpersonen Fændrik er ein slik fant.

Ny stil i norsk film

Fram til Fant var norske filmar i stor grad stive og teatralske. Det var mest som ein kunne sjå sceneteppet gå ned etter kvar akt. Fant tok derimot inspirasjon frå Hollywood. Døme på dette var ved å auke klippetempoet, ha stor variasjon i biletutsnitt og klippe på blikkretningane til karakterane. Det sistnemnte er viktig for at me ikkje berre ser personane, men med dei. Dette stilgjennombrotet er noko av det som gjer Fant til ein klassikar i norsk filmhistorie.

Handling

Fændrik og Josefa
Fændrik og Josefa.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Den foreldrelause Josefa rømmer frå den slemme onkelenSørlandet. I motsetnad til mange lokale, kjærasten Oscar inkludert, syner ho ikkje så mykje skepsis til Fændrik og dei andre fantane. Det er Fændrik som får ho som blindpassasjer i båten sin. Han er sjarmerande og gitarspelande, men brutal. Han valdtek Josefa, som får eit ufritt liv på sjøen. Filmen handlar mest om dei to, men har fleire parallellhandlingar. Til dømes korleis Oscar leitar etter kjærasten.

Om filmen

Fant var eit høgdepunkt i den vesle norske filmgullalderen i slutten av 1930-åra. Med all suksessen vart han eit omgrep og symboltaterane for nordmenn flest. Karismaen og populariteten til Alfred Maurstad hadde utvilsamt mykje å seie for å spreie stereotypiar om dei.

Norsk mellomkrigstid såg mange filmar om taterar. Heile seks av dei 46 norske langfilmane som kom i tidsrommet 1920–1937 hadde taterar i hovudroller eller biroller. Dette har mellom anna vorte sett i samanheng med eugenikkdebatten som gjekk for fullt på denne tida.

Lengde: 1 time og 35 minutt.

Eit utval medverkande

Oscar og Mathilde
To vegar som kryssar kvarandre: Oscar leitar etter kjærasten Josefa, medan Mathilde har vorte svike av og jaktar på broren Fændrik.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Dokka, Ingrid K. (2008). «Fant» i 100 norske filmer du må se, side 30–31, Orion Forlag
  • Gotaas, Thor (2000). «Forord» og «Norske spillefilmer» i Taterne, side 11–12 og side 325–334, Andresen & Butenschøn

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg