Erling Lae

Faktaboks

Erling Lae

Erling Reidar Lae

Født
16. mars 1947, Oslo
Erling Lae i 2009.
Av /NTB.

Artikkelstart

Erling Lae er historikar, journalist, politisk rådgivar og tidlegare byrådsleiar i Oslo for Høgre. I perioden 2010–2016 var han fylkesmann i Vestfold.

Bakgrunn

Erling Reidar Lae er fødd i Oslo. Han er utdanna cand.philol. med hovudfag i historie frå Universitetet i Oslo i 1977. Han har òg grunnfag i psykologi og mellomfag i nordisk i fagkrinsen, i tillegg til pedagogisk seminar (no PPU). I 1986–1987 var han informasjonssjef i Norges Industriforbund, deretter i Norsk Hjelpepleierforbund i 1987–1993 og Sparebanken NOR i 1992–1993. Lae var redaktør i medlemsbladet til Norsk Helse- og Sosialforbund i 1993–1997.

Politisk karriere

Lae arbeidde som journalist i Høgres Pressebyrå i 1978–1980, var politisk sekretær i Høgres Hovudorganisasjon i 1980–1981 og politisk rådgivar i regjeringa Willoch for statsråd Astrid Gjertsen i Forbrukar- og administrasjonsdepartementet i 1981–1986. Han var nestleiar i Høgre i 2008–2010.

Oslo bystyre

Lae var bystyrepresentant for Høgre i Oslo frå 1992 til 2011. I perioden 1997–2000 var han byråd for eldre og bydelane, før han tok over som byrådsleiar i 2000. I perioden 2000–2003 var byrådet eit samarbeid mellom Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre, frå 2003 mellom Høgre og Framstegspartiet. Byrådet heldt fram etter valet 2007, men utan fleirtal og var avhengig av støtte frå Venstre. Lae trekte seg tilbake som byrådsleiar hausten 2009. Etter at han gjekk av som byrådsleiar var han fylkesmann i Vestfold frå 2010 til han gjekk av med pensjon i 2016.

Politisk engasjement

Lae hadde eit sterkt sosialpolitisk engasjement. Han har fått mykje anerkjenning for arbeidet sitt for den første handlingsplanen mot diskriminering av homofile, lesbiske og bifile, som vart vedteke i Oslo i 2006. Som byrådsleiar fekk han gjennomført saker som utviklinga av Fjordbyen og vedtaka om flytting av kulturinstitusjonane Munchmuseet og Deichman bibliotek til Bjørvika.

Anna engasjement

I mange år har Lae hatt si eiga spalte på nynorsk i avisa Hallingdølen. Han var styremedlem i Den Norske Turistforening i Oslo i 2010–2016, er leiar av rådet i Norsk Kulturarv frå 2011, styremedlem i JustUnity frå 2015, styreleiar i Norsk institutt for kulturminneforsking frå 2015 og i Norsk Friluftsliv frå 2016.

Utmerkingar

Lae fekk Regnbueprisen i 2007 og har vore kåra til den mektigaste homofile mannen i Noreg tre gonger på rad av nettstaden Gaysir. I 2016 fekk han St. Hallvard-medaljen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg