DNF-48 og AHF kjempa politisk for dei same sakene, og fekk til dømes inkludert homofile i antidiskrimineringslovverket. Rettigheitskampen var i hovudsak basert på ein relativt stram identitetspolitikk, der homofili blei implisert biologisk og uforanderleg (essensialistisk). I dette bildet var transpersonar og bifile sin situasjon vanskeleg å inkludere i rettigheitskampen, då desse gruppene synleggjorde glidande overgangar innanfor kjønn og seksualitet.
Med likestilling som argument blei partnarskapslova vedtatt i 1993. Lova gav ekteskapsliknande rettar for homofile og lesbiske, og blei vedtatt etter langvarig lobbyverksemd. Lova kan sjåast i samband med at hiv/aids råka homofile menn særleg hardt, noko som gjorde at staten fatta aukande interesse for homofile sine levekår.
Til tross for at ekteskapet lenge hadde vore ein kontroversiell storleik i homobevegelsen, blei utbetring av partnarskapslova sine manglar ein hovudsak utover 1990- og 2000-talet. I 2008 vedtok Noreg kjønnsnøytral ekteskapslov, som i tillegg til ekteskapsrettar gav rett til adopsjon og kunstig befruktning for lesbiske. Med det var heterofilt og homofilt samliv likestilt ved lov, og med det eit viktig hovudmål nådd for homobevegelsen.
Utover 2000-talet kom omgrepet skeiv i bruk som identitetsmarkør. Ved å definere seg som skeiv tek ein avstand til normative forventingar knytt til kjønn og seksualitet, og legg mindre vekt på å feste seg til ein identitet som homofil og lesbisk. LLH debatterte å nytte omgrepet skeiv i organisasjonsnamnet, men det skapte reaksjonar hos medlemmar som ønska å definere seg klart som homofile eller lesbiske.
I 2016 endra LLH namn til FRI – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold. I namnevalet er det tydeleg at det politiske området er kraftig utvida i høve til homobevegelsen sin tradisjonelle kamp for homofile og lesbiske, samt at det er rom for ulike former for identitetspolitikk og erfaring i den moderne homobevegelsen.
Kommentarer (2)
skrev Marte Trollsås Vestly
Hei,
Mulig jeg misforstår formuleringa, men er det en feil like under under tittelen "Homobevegelsen blir til"? Det står at "Dei gryande homoseksuelle nettverka nådde ut frå dei norske storbyane til småbyane og bygdene, og til utlandet – særleg Danmark. Her hadde sex mellom menn vore kriminalisert sidan 1933..." - ble ikke sex mellom menn *avkriminalisert* i Danmark i 1933?
svarte Ida Scott
Hei! Takk for kommentar. Du har rett, det skulle stå avkriminalisert. Forfatteren har nå retta opp feilen. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.