Bjørn Nilsen

Faktaboks

Bjørn Nilsen
Født
27. desember 1934, Strinda i Trondheim, Trøndelag
Av /Rana Blad/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Bjørn Nilsen. Speilet lyg. Orkana.

Artikkelstart

Bjørn Nilsen er forfattar og pensjonert fjernsynsjournalist. Som NRK-medarbeidar var han kontroversiell, med program som ofte førte til politisk debatt i 1970- og 1980-åra.

Bakgrunn

Bjørn Nilsen er fødd i Strinda utanfor Trondheim. Han tok cand.philol.-eksamen med norsk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1962 og var gymnaslektor før han tok til som programsekretær i NRK i 1964.

Medan han studerte var han med i redaksjonen i filologistudentane si avis, Filologen. Saman med Stein Mehren og Andreas Skartveit omdanna han avisa til eit litterært tidsskrift, der andre unge litteraturstudentar og diktarar kom til.

Nilsen sat i redaksjonen av tidsskriftet Profil i byrjinga av 1960-åra, som til ut i 1970-åra var eit leiande litterært magasin for modernismen i litteraturen. Medlemmane av den så kalla Profil-gruppa representerte ein ny generasjon diktarar i Noreg, og Jan Erik Vold, Dag Solstad, Tor Obrestad, Einar Økland, Eldrid Lunden og Paal-Helge Haugen var nokre av dei.

NRK

Nilsen var ein av dei mest kontroversielle programmedarbeidarane i NRK TV fram til han slutta sist i 1990-åra. Mange av programma blei drøfta i Stortinget, etter at dei sette kritisk søkjelys på viktige politiske tema. Mange politikarar både frå høgresida og frå Arbeidarpartiet hevda at dei var «venstrevridne». Dei meinte at innslaga gav eit skeivt bilete av problema som blei tekne opp. Men programma fekk òg ros. Fleire av dei blei grunnlag for bøker, mellom anna om fråflyttinga frå «utkantane», og arbeidstilhøva i oljeverksemda.

Forfattarskapen

Nilsen har gitt ut noveller og ei rekkje diktsamlingar, dei fleste på bokmål. Etter at han flytta til Snillfjord, har han gitt ut bøker på trøndskfarga nynorsk. Dikta hans er varierte, nokre humørfylte og ironiske, andre samfunnskritiske. Forma er ofte eksperimenterande.

Nilsen debuterte som lyrikar i 1960 med diktsamlinga Hvis jeg var trollmann, som inneheld ironiske og lett melankolske dikt frå moderne «storbyliv» i Oslo. Ein stadig klarare samfunnskritisk intensjon kjem til uttrykk i seinare samlingar som PResens (1966), Innta plassene (1967) og Glad hverdag (1969). Samlinga Speilet lyg (2003) er skrive på trønderdialekt.

Analyse og kritikk av det kapitalistiske samfunnet dominerer heilt i reportasjeboka Hamningberg – fraflytting og umyndiggjørelse (1970), tekstsamlinga Norge, vårt Norge (1971), Veien fram går først tilbake (1974) og NRK – makthavernes monopol (1975).

Novellesamlinga Rips med vaniljesaus (1983) tek opp samlivsproblem sett frå mannen sin synsvinkel, og Gjenferd i Nordsjøen (1984) omhandlar Kielland-ulykken, medan Ingen kjent trafikk (1988) omhandlar Mehamn-ulykken.

Organisasjonsarbeid

Nilsen har òg arbeidd aktivt i forfatterorganisasjonane. Mot slutten av 1960-åra hadde han permisjon frå NRK for å byggje opp Norsk Forfattersentrum, som formidlar besøk av forfattarar og opplesingar til skular, bibliotek og liknande. Organisasjonen er framleis i drift.

I åra 1975 til 1977 var Nilsen formann i Den norske forfatterforening. Han høyrde politisk til på ytste venstre side og ville gjere foreininga om til ei «verkeleg fagforeining». Formannsåra var fylte av strid, både om sak og leiarstil.

Som pensjonist har han vore aktiv i lokalsamfunnet der han bur.

Bibliografi

  • Glasbrått og fjærastein. (Lyrikk, Orkana forlag, 1999)
  • Skjult dagsorden. (Sakprosa, Universitetsforlaget, 1998)
  • Ingen kjent trafikk. Om Mehamn-ulykken. (Sakprosa, Cappelen, 1988)
  • Gjenferd i Nordsjøen. (Sakprosa, Cappelen, 1984)
  • Rips med vaniljesaus. (Noveller, Cappelen, 1983)
  • På tide. (Lyrikk, 1980)
  • Det brutale oljeeventyret. (Sakprosa, Oktober, 1979)
  • NRK – makthavernes monopol. (Sakprosa, Gyldendal, 1975)
  • Veien fram går først tilbake. (Lyrikk, 1974)
  • Norge, vårt Norge. (Lyrikk, Gyldendal, 1971)
  • Hamningberg. (Sakprosa, Gyldendal, 1970)
  • Glad hverdag. (Lyrikk, 1969)
  • Innta plassene. (Lyrikk, Aschehoug, 1967)
  • PResens. (Lyrikk, Aschehoug, 1966)
  • Underveis mot oppbrudd. (Lyrikk, Aschehoug, 1964)
  • Hvis jeg var trollmann. (Lyrikk, Aschehoug, 1960)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Øystein Rottem: «Bjørn Nilsen», Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 2003

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg