Tap av INON i Norge
Tap av villmarksprega inngrepsfri natur i Noreg sidan 1900 som følgje av arealbruksendringar.
Miljødirektoratet.
Overvaking av tradisjonell slåtteng på Varaldsøy i Hardangerfjorden.
Gamle slåttenger som ikkje har vore gjødsla, kan vera artsrike. Denne enga på Varaldsøy har aldri vore gjødsla, men blir beita av sau i delar av sesongen. Overvakinga blir brukt til å justera beitepresset slik at det blir optimalt for artsmangfaldet.
Overvaking av tradisjonell slåtteng på Varaldsøy i Hardangerfjorden.
Båtkalking på Sørlandet
Miljøtiltak: Kalking av innsjø på Sørlandet, eit tiltak for å motverka sur nedbør. Tiltaket må gjentakast med jamne mellomrom.
Båtkalking på Sørlandet
Lisens: CC BY SA 3.0
Skøytetur på den islagde innsjøen Benna
Friluftsliv: Skøytetur på islagde innsjøar har blitt ein type friluftsliv som har fått auka popularitet mange stader.
Skøytetur på den islagde innsjøen Benna
Lisens: CC BY SA 3.0

Naturforvaltning er eit saksfelt og eit fagområde som omfattar berekraftig bruk av natur og naturmangfald, friluftsliv, natur- og miljøvern saman med målretta miljøtiltak. Døme på slike miljøtiltak kan vera vern og forvaltning av artar og naturområde, kamp mot svartelisteartar, oppretting og drift av avlsstasjonar for trua artar, kalking av vassdrag mot sur nedbør eller avbøtande tiltak ved arealinngrep.

Fagområdet naturforvaltning spenner over eit breitt saksfelt, og sameiner fleire naturfaglege disiplinar som biologi, økologi, fornybare ressursar og restaurering med samfunnsvitskaplege som geografi, jus, ressursøkonomi og arealplanlegging. Ein person med universitets- eller høgskulegrad innan fagfeltet naturforvaltning blir kalla naturforvaltar eller naturforvaltningskandidat. Naturforvaltarar jobbar gjerne i statleg, regional eller kommunal sektor med saksbehandling, miljørådgiving, arealplanlegging eller utmarksforvaltning. Dei kan også jobba i ideelle organisasjonar, konsulentbransjen eller forsking og undervisning om å løysa miljøutfordringar og bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling.

Ordet naturforvaltning blir også brukt meir generelt om saksfeltet, der det arbeider mange med annan fagbakgrunn enn studietilboda i naturforvaltning. Døme kan vera juristar, geografar og biologar.

Historikk og utdanning

Elg i bymarka, Trondheim
Fiske- og viltstell var ein sentral del av utdanninga til naturforvaltarar. Elg er ein viltbestand som det blir hausta mykje av i Noreg.
Elg i bymarka, Trondheim
Lisens: CC BY SA 3.0

Dei første naturforvaltningskandidatane i Noreg blei utdanna ved Noregs Landbrukshøgskole på Ås (noverande NMBU), tradisjonelt med fordjuping i naturvern og fiske- og viltstell. Naturforvaltning blir framleis undervist på fakultetet for miljøvitskap og naturforvaltning ved NMBU, men også ved mange andre høgare utdanningar, til dømes ved Universitetet i Søraust-Noreg (Bø), Nord universitet (Steinkjer), Universitetet i Bergen (institutt for geografi) eller NTNU (Trondheim). Fagfeltet er også mangesidig, og dei ulike lærestadene har difor noko variasjon i fagkombinasjonar og kva naturressursar det blir gitt spesialisering innan (frå fornybar energi og vassdragsforvaltning til naturbasert reiseliv og utmarksforvaltning).

Fagfeltet har utvikla seg som følgje av den aukande merksemda og politiske striden som oppstod rundt natur- og miljøvernspørsmål frå 1970-talet, med skipinga av Miljøverndepartementet i 1972, Alta-saka frå 1968 og fleire folkeaksjonar særleg mot vassdragsutbyggingar. Hovudvekta låg i starten mest på klassisk naturvern og bruk av utmark (fiske- og viltstell). Fagfeltet har i tråd med den internasjonale utviklinga gått meir mot økosystemtilnærming i forvaltninga av artar, naturtypar og bidrag til å løysa klimakrisa.

Det har vore ein stor auke i norsk offentleg miljøforvaltning (altså fleire tilsette i stat og kommunar som arbeider med natur- og miljøspørsmål). Tilsvarande har omfanget av utgreiingar om miljøomsyn i utbyggingssaker og skjerpa miljøvernlovgiving auka. MIK-reforma (miljøvern i kommunane) på 1990-talet, saman med nyoppretta stillingar i miljøvernavdelingar ved dei statlege fylkesmannsembeta, var med på å auka etterspurnaden etter kandidatar med utdanning innan natur- og miljøforvaltning. Fleire offentlege utgreiingar, verneplanar, stortingsmeldingar og rikspolitiske retningslinjer omkring norsk naturforvaltning og disponering av naturresursar har aktualisert fagfeltet.

Aktuelle naturforvaltningssaker

Overvaking og kartlegging

For å setja i verk forvaltningstiltak er det avgjerande å ha god kunnskap om økologisk tilstand, naturverdiar, utviklinga av naturmangfaldet og alle vesentlege påverknader, og ikkje minst korleis naturen blir påverka av menneska. Kulturpåverknad kan vera både negativt og positivt for naturen. Overbeite kan redusera artsmangfald, medan moderat beitepress frå husdyr kan auka artsmangfaldet i mange naturtypar.

For å få slik oppdatert kunnskap blir ein rekkje økosystem overvakte med langtidsseriar for å kunna identifisera endringar over tid. Dette blir gjort både som grunnlag for å setja i gang miljøforbetrande tiltak, for å evaluera tiltak som er sette i gang (restaurering), og for å kunna fastsetja om den økologiske tilstanden er god eller dårleg. Døme på dette er årlege el-fiskeundersøkingar etter ungfisk av aure og laks i elvar, gjerne saman med vasskjemi-prøver. Eit anna døme er overvaking av artsmangfald i tradisjonelle enger. Kunnskap om fram- eller tilbakegang for prioriterte artar (som raudlisteartar og regionalt sjeldne artar) kan brukast til å justera beitepress og slått og slåttetid.

Ved å samanlikna ulike data og gjera nye kartleggingar av naturtypar blir det gjort eit arbeid med å oppdatera økologiske grunnkart for Noreg. Dette blir mellom anna gjort for å vita kva naturtypar som er i tilbakegang, og som dimed må takast ekstra vare på. Artsdatabanken oppdaterer også ei eiga raudliste for naturtypar i Noreg, der utviklingstrendar for desse blir evaluerte av fagekspertar.

Miljøomsyn og arealbruk

Arealbruksendringar er den desidert største årsaka til tap av naturmangfald i dei fleste økosystem, i Noreg så vel som internasjonalt. I Noreg har særleg utbygging av energianlegg (vass- og vindkraft), vegbygging og andre arealinngrep ført til oppdeling av leveområde (habitatfragmentering) eller habitatøydelegging/-degradering. Gjennom konsekvensutgreiingar og konsesjonsbehandling forut for arealinngrep blir ulike samfunnsomsyn avvegne, og lokale tilpassingar og avbøtande tiltak kan påleggjast for å vareta det mest verdifulle naturmangfaldet best mogleg. Mange arealbruksendringar blir avgjorde lokalt – dimed er kompetanse og god rettleiing om naturforvaltning viktig også i kommunane.

Restaurering og skjøtsel

Bilete frå sanddynene på Karmøy.
Slått, her med slåmaskin, kan bidra til å oppretthalda og auka mangfaldet i artsrike enger.
Bilete frå sanddynene på Karmøy.
Laksesperre i Driva, Møre og Romsdal
Laksesperre bygd på ei lakseførande strekning i elva Driva som ledd i kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Sperra blir røkta jamleg og er etablert for å redusera strekninga som må behandlast for å fjerna parasitten i denne delen av Noreg. Andre fiskeartar enn laks slepp forbi sperra, som skal fjernast når lakseparasitten er utrydda i vassdraget.
Laksesperre i Driva, Møre og Romsdal
Lisens: CC BY SA 3.0

Økologisk restaurering for å retta opp igjen viktige økologiske funksjonar og prosessar føreset også god forståing av ulike fagområde innan naturforvaltning. Å fjerna dammar eller retta opp igjen vandringsvegar for artar langs vassdraga våre med fisketrapper er døme på restaureringstiltak som kan ha god effekt. Enkelte andre naturtypar kan trenga skjøtselstiltak av typen slått for å halda oppe artsmangfaldet eller få bukt med invaderande artar som truar stadeigne artar.

Bruk og vern av goda i naturen

Å leggja til rette for og regulera naturbruk som jakt, fiske og friluftsliv er sentrale oppgåver innan naturforvaltninga. Friluftslova gir allmenta rett til fri ferdsel og opphald i utmark og høve til å hausta bær, sopp og ved til turbruk, gjennom allemannsretten. Retten gir likevel ingen garanti mot at arealet kan bli omdisponert til andre formål. Norske styresmakter sikrar eit utval friluftsområde gjennom kjøp eller andre avtaler.

For å ta vare på eit representativt utval av norsk natur og bidra til å redusera tapet av artar er også ei rekkje område verna som landskapsvernområde, nasjonalparkar eller naturreservat. Mange av desse er også tilrettelagde for klassisk friluftsliv, sjølv om det kan vera ferdselsrestriksjonar delar av året. Naturvern og forvaltning av dei store rovdyra våre er blant dei mest kontroversielle sakene og får ofte stor merksemd.

Internasjonalt miljøsamarbeid

Internasjonale avtalar og direktiv, som mellom anna konvensjonen om biologisk mangfald og EUs vassdirektiv, er viktige premissgivarar for naturforvaltning både i Noreg og internasjonalt. Etter samanliknbare prinsipp som følgjer i EU, skal fagsystem for å klassifisera dei økologiske forholda for all norsk natur leggjast til grunn for samfunnsutviklinga.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg