Noreg er prega av eit stort mangfald i dialektar. Det er fleire årsaker til dette. Reiser me på tvers av Noreg og høyrer etter korleis folk snakkar, finn me gradvise overgangar frå ein dialekt til den neste. Men av og til ser me eksempel på at eit dialektsærdrag er gjennomført i ei grend, men ikkje i nabogrenda. Der eit dialektsærdrag sluttar, og eit anna tek over, snakkar me om ei dialektgrense.

Den norske geografien spelar ei viktig rolle for kvar dialektgrensene kom til å gå. Ofte er det fjell og vidder, skog og store avstandar som har skilt folk frå kvarandre. Desse naturtilhøva var tidlegare ofte til hinder for samferdsle og direkte kontakt.

Reint allment er det slik at mangel på kommunikasjon mellom menneske gjer at det kan oppstå dialektforskjellar mellom ulike regionar og mellom lokalsamfunn.

Geografi som årsak til dialektgrenser

Langs Langfjella i Sør-Noreg går det eit heilt knippe med dialektgrenser. Grunnen er at det har vore liten kontakt over fjellet i eldre tid. Talemåla på Austlandet og Vestlandet er i det heile ganske ulike på fleire punkt i språksystemet, og det er enkelt å høyra forskjell på ein austlandsdialekt og ein dialekt frå Vestlandet.

Langs Langfjella går mellom anna grensa for eit sentralt dialektmerke, det me kallar tjukk l. Tjukk l er den uttalen me høyrer når austlendingar seier namnet OLa (Ola). Lyden førekjem elles i ord som bLo (blod), æLj (elg) og kLokke (klokke), og til vanleg også i den austlandske uttalen av ord som gaL (gard) og boL (bord).

Øvre Setesdal er eit godt døme på eit geografisk område som har svært mange gamle trekk i språket. Grunnen til dette er at dei nordlegaste bygdene i Setesdal heilt fram til langt ut på 1800-talet ikkje hadde skikkeleg vegsamband utover dalen. Det var her snakk om eit av dei mest isolerte bygdesamfunna i Noreg.

Den tradisjonelle setesdalsdialekten, slik den blir tala av eldre folk i Valle og Bykle, har mange trekk som me kjenner att frå det gammalnorske språket. Her har dei forskjell på verba i eintal og fleirtal, dei seier i eintal: eg stende (eg står), men i fleirtal: mi stande (me står), dei brukar kasusen dativ: denne feine dagjen (den fine dagen, vanleg form ), men saint å dagjæ (seint på dagen, dativform). I talorda heiter det: tvei menna (to menn), tvæ kåno (to koner) og tvau heus (to hus).

Sosialt fellesskap gjev felles dialekt

Språktilhøva i Øvre Setesdal og elles mange stader i landet vårt kan etter dette forklarast med at det har vore geografisk avstand og dårlege kommunikasjonstilhøve mellom folk frå ulike bygdelag. Samtidig fortel dette oss at dei menneska som har hatt fellesskap i arbeid og fritid, også har fått utvikla eit språkleg fellesskap og felles dialekt. Alt språk vil vera i utvikling, og dei som har mykje kontakt med kvarandre, får felles språkutvikling, til forskjell frå grupper av menneske som har mindre kontakt med kvarandre.

Sjølv om fjordar og innsjøar kan ofte kan vera til hinder for samferdsla, har ferdsla over sjø og vatn vore langt viktigare over lengre strekningar enn over land i tidlegere tider. I Sogn kan me sjå at alle dei gamle kommunegrensene går på tvers av fjorden, og sambandet mellom folk på kvar side av Sognefjorden må ha vore viktig. Eit anna døme er kommunen GranHadeland. Denne kommunen ligg som to skilde bitar på kvar side av Randsfjorden. Også ved kysten var sjøen den viktigaste ferdselsvegen for folk, og dei hadde mykje fellesskap med naboane sine langs havkanten. Derfor ser me at kystmåla har mange felles trekk over store avstandar. Sjøen batt folk saman. I det heile er det slik at samferdselsvegar set spor etter seg i dialektgeografien.

Kyrkjelege og administrative einingar

Når ein skal leita etter opphavet til dialektforskjellar og dialektlikskapar her i landet, må ein også trekkja inn folkelege samlingsplassar og administrative inndelingar. Som døme på fellesskap skapt av administrative grenser, kan ein nemna den kyrkjelege inndelinga i mellomalderen. Frå gamalt av var kyrkjesoknet den minste kyrkjelege eininga. Dei som budde i same soknet, hadde kyrkja som felles møteplass. Ordet sokn kjem av verbet å søkja – folk søkte saman, og tilpassa samstundes språket til kvarandre. Dermed fekk dei same særtrekka i talemålet. I dag er det slik at me sjeldan finn ei dialektgrense som går tvers gjennom eit kyrkjesokn.

Også større kyrkjelege einingar, som dei gamle bispedømma, har sett spor etter seg i dialektgeografien. I Solør-dialekten, sør i Hedmark fylke, finn me eksempel på at folk brukar talemålsformer som je kåmmer og je læser (les) ved sida av je kjæmm og je læs, slik det er i dialektane nord for Solør. Formene kåmmer og læser har Solør-målet ”lånt” frå dialektane lenger sør. Dette heng mellom anna saman med at Solør frå gammalt av høyrde til Oslo bispedømme.

Den rettslege inndelinga, som ofte er eit uttrykk for kva som var naturlege fellesskapsområde for handel og næringsliv, har også spela ei rolle for utviklinga av felles dialekttrekk. Dette gjeld også lenge etter at dei rettslege administrasjonsgrensene har forsvunne eller vore endra. Eit døme ser me i Bindalen, heilt sør i Nordland fylke. Denne bygda høyrde til Namdalssysla (Trøndelag) fram til 1760, men blei då lagt under Nordlands amt. Men framleis har dialekten i Bindalen klare trønderske trekk.

Liknande er det i Hallingdal og Valdres. Desse bygdene høyrde i lang tid saman med Hordaland og Sogn under Gulatingslaget, og seinare under Stavanger bispedøme. Dette forklarer vestnorske særmerke som bodn og kodn (born og korn)i hallingmålet og valdresmålet.

I Vest-Agder finn me tilsvarande forhold i innlandsbygda Åseral. Denne bygda høyrde i eldre tid saman med bygdene i indre Aust-Agder, eit administrativt område som blei kalla Råbyggjelaget. Dette hopehavet ser me spor etter i åsdølmålet i dag, som har mykje felles med setesdalsmålet i aust. Nemnast kan også dei vestlege Agder-bygdene Sirdal og Bakka, som i mange hundre år var administrativt knytte til Rogaland. Desse bygdene høyrer i dag til Vest-Agder, men har mange Rogaland-trekk i talemålet. Sirdølane seier: Adle va fudle (alle var fulle), som i Rogaland, medan det i andre indre bygder på Agder heiter: Adde va fudde.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sandøy, Helge: Talemål. Oslo. Novus forlag. 1993 (sjå særleg kapittel 6).
  • Skjekkeland, Martin: Dialektlandet. Kristiansand. Potal forlag. 2010.
  • Jahr, Ernst Håkon (red.): Den stor dialektboka. Oslo. Novus forlag. 1990.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg