volapük

Hjelpespråket volapük vart konstruert av den tyske katolske presten og filantropen Johann Martin Schleyer (1831–1912).
Johann Martin Schleyer
Av .

Volapük er et internasjonalt hjelpespråk, utarbeida i 1879 av den tyske katolske presten og filantropen Johann Martin Schleyer (1831–1912). Han skal ha blitt inspirert av ein draum der Gud bad han skape eit internasjonalt hjelpespråk. Volapük var strengt logisk og regelrett og bygde mest på sterkt omdanna engelske og tyske ord.

Faktaboks

uttale:
volapˈük
etymologi:
til vola- etter engelsk world, ‘verd’, og pük etter engelsk speak, ‘språk’

Schleyer publiserte den fyrste volapük-grammatikken, Entwurf einer Weltsprache und Weltgrammatik für die Gebildeten aller Völker der Erde 'Utkast til eit verdsspråk og ein verdsgrammatikk for dei danna av alle folk på jorda', som eit vedlegg til månadsskriftet Sionsharfe, nummer 35, årgang IV, i 1879. Her blir grammatikken presentert i 80 punkt og nokre Weltspracheproben 'verdsspråksprøver'.

Etter kort tid fekk volapük stor internasjonal tilslutning. Det blei halde tre internasjonale volapük-kongressar på 1880-talet, og talet på volapükistar passerte éin million. Men ganske snart gjekk det sterkt tilbake med volapük-rørsla, truleg særskilt på grunn av konkurransen frå esperanto, som Ludwik Lejzer Zamenhof presenterte i 1887. Volapük har ein fonologi (lydsystem) og grammatikk som er meir komplisert enn esperanto, og ordtilfanget er meir kunstig. Medan orda i esperanto stort sett har ei form som ligg nær forma i kjeldespråket, såg Schleyer det som eit mål å gje orda ei mindre gjenkjenneleg form, så ingen særskilde språk skulle kunne hevdast å vere favoriserte.

Språkstruktur

Fonologi

Volapük har 8 vokalar:

i [i] ü [y] u [u]
e [e] ö [ø] o [o, ɔ]
ä [ɛ, æ] a [a, ɑ]

Talet på konsonantar er 18:

p [p] t [t] z [ts, dz] c [tʃ, dʒ] k [k]
b [b] d [d] g [ɡ]
m [m] n [n]
f [f] s [s, z] j [ʃ, ʒ] x [ks] h [h]
v [v] l [l] y [j]

Aksenten (trykket) ligg på den siste stavinga i ordet, til dømes volapük [vo.la.ˈpyk] 'verdsspråk'.

Morfologi

Orddanning skjer i volapük med samansetning og avleiing.

I samansetningar med substantiv står forleddet som regel i genitiv. Frå vol 'verd' og pük 'språk' får vi volapük, der vola er genitiv eintal av vol.

Eit døme på avleiing er vomil 'lita kvinne', diminutiv av vom 'kvinne'.

Volapük har eit omfattande system av bøyingsaffiks. Til dømes blir substantiv bøygde i tal/numerus (eintal/singularis og fleirtal/pluralis) og kasus (nominativ, akkusativ, dativ, genitiv), som vist i tabellen under med vom 'kvinne':

Kasus Eintal Fleirtal
Nominativ vom voms
Akkusativ vomi vomis
Dativ vome vomes
Genitiv voma vomas

Adjektiv endar på -ik, som i denne setninga:

Löfob bukis jönik 'Eg elskar vakre bøker'

Bukis er akkusativ fleirtal av buk 'bok'.

Verbet blir bøygt i diatese (D), tempus (T), person/numerus (P) og modus (M), og hovudstrukturen til ei verbform kan setjast opp slik: D-T-rot-P-M. Verbforma löfob 'eg elskar' i setninga over har ingenting føre rota löf 'elske', fordi verken aktiv (D) eller presens (T) er uttrykte med eigne prefiks. Suffikset -ob er lik pronomenet ob 'eg'. Indikativ (M) har ikkje noko eige suffiks. Ved å setje på prefikset ä- 'preteritum' og p(a)- 'passiv' får vi pälöfob 'eg blei elska'.

Dette er den fyrste dømesetninga i volapük-grammatikken frå 1879:

Ko God beginobsöd dinis valik! 'Lat oss byrje alle ting med Gud!'

Setninga kan analyserast slik:

ko God begin ob s öd din i s val ik
med Gud byrje 1 Pl Im ting Ak Pl alle A

Forkortingar: 1 = 1. person; Pl = fleirtal/pluralis; Im = imperativ; Ak = akkusativ; A = adjektiv.

Syntaks

Ordstillinga i ein nominalfrase er relativt fri. Bukis jönik 'vakre bøker' (akkusativ fleirtal) i eksempelet lenger oppe har adjektivet etter substantivet. Ein kan òg setje adjektivet føre substantivet, men då må det samsvarsbøyast med substantivet: jönikis bukis. Akkurat som på latin kan ledda i ein nominalfrase vere skilde av ord som ikkje høyrer heime i frasen, slik at 'Eg elskar vakre bøker' også kan heite Bukis löfob jönikis, der verbet löfob står mellom substantivet og adjektivet. Dette krev at adjektivet er samsvarsbøygt med substantivet.

Leddstillinga i ei setning er ofte SVO (subjekt+verb+objekt), men språket har så mykje bøyingsmorfologi at leddstillinga eigentleg er svært fri.

Ordtilfang

Dei fleste orda i volapük kjem frå engelsk, og resten kjem frå latin, tysk og fransk. Orda er likevel ikkje så lette å kjenne att frå desse språka, fordi Schleyer kravde at dei skulle ha ein særskild struktur:

  1. Røter må byrje og slutte på konsonant.
  2. r i kjeldespråk må bytast ut med l.
  3. Alle røter må vere så korte som råd, helst ha berre éi staving.
  4. Alle røter må vere unike; det må ikkje finnast homonym.

Dei engelske orda pocket 'lomme', money 'pengar' og water 'vatn' har på volapük blitt til pok, mon og vat, alle sterkt forkorta. Det engelske ordet day 'dag' har blitt til del, med tillegg av l for å oppfylle kravet om at røter må både byrje og slutte på konsonant.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg