Faktaboks

esperanto

lingvo internacia

Etymologi

«ein håpande»

Uttale
esperˈanto
Språkkodar
eo, epo (EO, EPO)
ISO-639:3
epo
Ludwik Lejzer Zamenhof
Ludwik Lejzer Zamenhof grunnla hjelpespråket esperanto.

Esperanto er eit internasjonalt hjelpespråk, eit kunstspråk skapt av den polske legen Ludwik Lejzer Zamenhof (1859–1917).

Han offentleggjorde prosjektet sitt fyrste gong i det som seinare har blitt heitande unua libro, 'fyrste bok', ei russiskspråkleg bok som kom ut i Warszawa i 1887, Международный языкъ (Meždunarodnyj jazyk), 'Internasjonalt språk', under pseudonymet Doktoro Esperanto. Namnet esperanto gjekk seinare over til å bli brukt om sjølve språket. I 1905 gav Zamenhof ut boka Fundamento de Esperanto, den endelege vegvisaren i språket.

Målet til Zamenhof var å skape eit språk som var lett å lære, og som kunne brukast som eit universelt andrespråk. Det var Zamenhofs syn at eit slikt språk kunne fremje verdsfreden. Han meinte det var viktig å skape eit internasjonalt samfunn av esperantotalande – eit Esperantujo. Esperanto har aldri hatt status som offisielt språk i noko land.

Det finst truleg over 1000 menneske i verda med esperanto som fyrstespråk (morsmål), fordi dei er oppvaksne i heimar der esperanto er hovudspråket. Talet på folk med esperanto som andrespråk er ikkje kjent og varierer frå 60 000 til eit par millionar.

Språkstruktur

Fonologi

Kvart fonem blir skrive med éin bokstav, og kvar bokstav har ein fast definert uttale. Det er fem vokalar, a, e, i, o, u, uttala som vokalane i dei norske orda tang, seng, ting, song, tung. Denne tabellen viser alle konsonantfonema:

p [p] t [t] c [ts] ĉ [tʃ] k [k]
b [b] d [d] ĝ [dʒ] g [ɡ]
f [f] s [s] ŝ [ʃ] ĥ [x] h [h]
v [v] z [z] ĵ [ʒ]
ŭ [w] l [l] j [j]
r [r]

Bokstaven ŭ blir berre nytta som andre ledd i diftongar, jamfør Eŭropo, 'Europa', og anstataŭ, 'i staden for'. Bokstavane q, w, x, y blir ikkje nytta.

Aksenten (trykket) ligg fast på den nest siste stavinga i fleirstavingsord, som i scienco [stsi.ˈen.tso], 'vitskap'.

Morfologi

Orddanning skjer ved samansetning og avleiing.

Eit døme på samansetning er fervojo, 'jernbane', av fer-, 'jern', + vojo,'veg'. Forleddet står i stammeform, jamfør substantivet fero, 'jern'.

Språket har eit rikt tilfang av avleiingsaffiks. Frå verbstamma tond-, 'klippe' (infinitiv tondi), får vi substantivet tond-il-o, 'saks'. Suffikset -il- dannar substantiv for reiskapar. Frå adjektivet granda, 'stor', får vi eit adjektivet mal-granda, 'liten'. Prefikset mal- uttrykkjer eit antonym, altså eit ord med motsett tyding.

Substantiv i nominativ ental endar alltid på -o, adjektiv i nominativ eintal endar alltid på -a, infinitiv endar alltid på -i og adverb endar alltid på -e. Difor er det enkelt å lage nye ord ved å føre dei over frå ein ordklasse til ein annan. Eit døme:

  • substantiv: am-o, 'kjærleik'
  • adjektiv: am-a, 'kjærleg'
  • adverb: am-e, 'kjærleg'
  • verb: am-i, 'elske', mi am-as, 'eg elskar', og så vidare

Esperanto har ein omfattande, men heilt regelrett bøyingsmorfologi. Substantiv og adjektiv blir bøygde i tal/numerus (eintal/singularis og fleirtal/pluralis) og kasus (nominativ og akkusativ), som vist i dette døme:

  • nominativ eintal: bona patrino, 'god mor'
  • akkusativ eintal: bonan patrinon, 'god mor'
  • nominativ fleirtal: bonaj patrinoj, 'gode mødrer'
  • akkusativ fleirtal: bonajn patrinojn, 'gode mødrer'

Desse formene er alle ubundne (ubestemte), og ved å leggje til det uforanderlege determinativet la får ein bunden form: la bona patrino, 'den gode mora', la bonaj patrinoj, 'dei gode mødrene', og så vidare.

Finitte verbformer blir bøygde i tid/tempus (fortid/preteritum, notid/presens og framtid/futurum) og modus (indikativ, imperativ og kondisjonalis), som vist med former av ami, 'elske':

  • indikativ preteritum: amis, 'elska'
  • indikativ presens: amas, 'elskar'
  • indikativ futurum: amos, 'skal elske'
  • imperativ: amu, 'elsk'
  • kondisjonalis: amus, 'måtte/kunne elske'

Dei infinitte verbformene er infinitiv og partisipp. Partisipp blir bøygt i tid/tempus (fortid/preteritum, notid/presens og framtid/futurum) og diatese (aktiv og passiv):

  • infinitiv: ami, 'elske'
  • aktiv partisipp i preteritum: aminta, 'som elska'
  • aktiv partisipp i presens: amanta, 'som elskar'
  • aktiv partisipp i futurum: amonta, 'som skal elske'
  • passiv partisipp i preteritum: amita, 'som blei elska'
  • passiv partisipp i presens: amata, 'som blir elska'
  • passiv partisipp i futurum: amota, 'som skal bli elska'

Syntaks

Diverse grammatiske ord (preposisjonar, partiklar) blir nytta for å uttrykte grammatiske relasjonar som ikkje kjem fram gjennom bøyingssystemet. Denne setninga viser litt av dette:

  • La amiko de mia fratino ne donis la pupon al la plej malgranda infano. 'Venen til systera mi gav ikkje dokka til den minste ungen'.
  • Preposisjonen de (frå) uttrykkjer genitiv: la amiko de mia fratino,'venen til systera mi'.
  • Preposisjonen al (til) uttrykkjer indirekte objekt: al la plej malgranda infano, 'til den minste ungen'.
  • Partikkelen plej uttrykkjer superlativ: la plej malgranda infano, 'den minste ungen'.
  • Partikkelen ne (ikkje) negerer verbet: ne donis, 'gav ikkje'.

Ordstilling og leddstilling er i prinsippet relativt fri, men visse rekkjefølgjer er vanlegare enn andre.

Innanfor ein nominalfrase står alltid det bundne determinativet la fremst, men elles kan ledda variere. I staden for la granda hundo, 'den store hunden', med adjektivet føre substantivet, kan ein òg seie la hundo granda. Relativsetningar og preposisjonsfrasar følgjer alltid hovudet i nominalfrasen.

Den vanlegaste leddstillinga er SVO (subjekt+verb+objekt), som i la hundo mordis la leterportiston, 'hunden beit postbodet', men VSO, VOS, OVS, SOV og OSV er også fullt tillatne – til dømes mordis la leterportiston la hundo (VOS).

Ordtilfang

Kring 84 prosent av ordtilfanget skriv seg frå romanske språk og latin, om lag 14 prosent frå germanske språk og 2 prosent frå andre språk, primært gresk og slavisk.

Av dei romanske språka dominerer fransk, av og til med ei noko avvikande lydleg form, som substantiva arbo, 'tre', i staden for arbro, jamfør fransk arbre og ĉevalo, 'hest', i staden for ŝevalo, jamfør fransk cheval [ʃøval].

Av dei germanske språka dominerer engelsk og tysk, jamfør birdo, 'fugl' (engelsk bird) og jaro, 'år' (høgtysk Jahr). Det finst òg engelske ord med nærmast ein tysk uttale, som ŝtono, 'stein' (engelsk stone [stǝʊn], høgtysk Stein [ʃtaɪn]). Det finst nokre få ord frå jiddisk, morsmålet til Zamenhof, til dømes hejmo, 'heim' (jiddisk heym הײם).

Det finst to substantiv av samisk opphav, boaco, 'reinsdyr' (nordsamisk boazu [poatsu]) og tundro, 'tundra' (via russisk frå kildinsamisk tuunntre, akkusativ/genitiv eintal av tuuntar).

Organisasjonar

Utviklinga av språket blir overvaka av Akademio de Esperanto, skipa i 1905. Formålet er definert slik: La Akademio de Esperanto estas sendependa lingva institucio, kies tasko estas konservi kaj protekti la fundamentajn principojn de la lingvo Esperanto kaj kontroli ĝian evoluon. «Esperanto-akademiet er eit uavhengig språkinstitutt som har som oppgåve å konservere og verne dei grunnleggjande prinsippa til språket esperanto og å kontrollere utviklinga av det.»

Verdssambandet Universala Esperanto-Asocio med hovudsete i Rotterdam leier det internasjonale arbeidet med utbreiinga av esperanto. Sambandet har avdelingar og representantar kring 120 land over heile verda, og det har konsultativ status i UNESCO.

Den fyrste norske esperanto-foreininga ble stifta i 1906 i Oslo. Norsk Esperanto-Forbund (Norvega Esperantista Ligo) blei stifta i 1911 og er tilslutta Universala Esperanto-Asocio. Foreininga gjev ut bladet Norvega Esperantisto (Esperantobladet), som kjem ut seks gonger i året, og driv studie- og opplysningsverksemd. Esperantoforlaget (nedlagt i 2007) gav ut norske lærebøker og ordbøker i esperanto og annan esperanto-litteratur.

Litteratur

Esperanto har etter kvart fått ein omfattande litteratur, både original og omsett. Hovudverk av Dante Alighieri, Charles Dickens, William Shakespeare, Nikolaj Gogol, Molière, Friedrich Schiller, Johann Wolfgang von Goethe, H. C. Andersen og August Strindberg, likens Bibelen og Koranen, er omsette til esperanto. I Noreg er verk av Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen og Knut Hamsun omsette til esperanto.

Den skotske forfattaren og poeten William Auld (1924–2006) skreiv på esperanto, mellom anna åtte diktsamlingar og åtte antologiar.

Freistnader på revisjon

Det har blitt gjort mange freistnader på å revidere esperanto, mellom anna for å gjere fonologien, grammatikken og ordtilfanget meir internasjonale eller mindre kunstige. Det best kjende er ido, som blei skapt i 1907.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg