Gunhild

Artikkelstart

Gunhild er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Gunnhild som går tilbake til det norrøne Gunn-hildr. I dette toledda namnet tyder både forleddet og etterleddet ‘strid’. Det såkalla variasjonsprinsippet i norrønt innebar at ein nokså fritt kunne kombinere ledd utan å ta omsyn til ei meiningsfull tyding i det samansette namnet. I Gunnhild har vi altså eit namn med lik tyding i forleddet og etterleddet.

Namnet har fleire variantar: Gunnhild, Gundhild, Gunhild.

Personar med namnet Gunhild

Kulturell bruk

  • Gunhild Bonde i «Den fjerde nattevakt» (1923) av Johan Falkberget.
  • Romanen «Gunhild» (1957) av Ragnhild Magerøy.

Kjende personar med namnet Gunhild

Eit utval personar med namnet Gunhild, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 7500 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Gunhild som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg