Asgeir

Asgeir er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ás-geirr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘spyd’.

Asgeir er same namn som det tyske Ansgar.

Namnet har fleire variantar: Åsgeir, Asgeir, Asger.

Namnedag er 3. februar. Angelika og Ansgar har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1300 menn (fødde i Noreg) som hadde Asgeir som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg