Vidkun Quisling

Partileiaren i Nasjonal Samling, Vidkun Quisling, på kontoret sitt i Oslo rådhus

Vidkun Quisling
Av /NTB.

Rettskrivingsreforma av 1941 vart gjennomført av Nasjonal Samlings regjering under den tyske okkupasjonen frå 1940 til 1945. Det var ein reaksjon på 1938-rettskrivinga og prinsippet om å bygge rettskrivinga på «folkemålet».

Reforma betydde for bokmålet til dels ei tilbakevending til 1917-rettskrivinga, til dels ei favorisering av nynorske former som peika mot norrønt. For nynorsken innebar reforma ei meir eintydig gjeninnføring av tradisjonelle former. Reforma vart gjennomført i pressa og offentleg målbruk, men ikkje i skulen. Ved frigjeringa 8. mai 1945 vart 1941-rettskrivinga oppheva.

Bakgrunn og opptakt

Gulbrand Lunde
Gulbrand Lunde var ein sterk motstandar av 1938-rettskrivinga, som han såg på som «vulgær» på grunn av folkemålsformene som var tatt inn der. Lunde ønskte ei tilnærming mellom målformene på eit «høgnorsk» grunnlag.
Gulbrand Lunde
Av /NTB.

Nasjonal Samling (NS), som vart grunnlagt i 1933, hadde ein språkpost i partiprogrammet sitt: «Den naturlige sammensmelting av de to målfører til ett norsk skriftsprog fremmes, men uten tvang.» Dette var om lag det same som alle parti unntatt Høgre gjekk inn for.

Da NS vart gjort til «statsberande parti» av den tyske okkupasjonsmakta i 1940, vart det skilt ut eit kulturdepartement frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet, og Gulbrand Lunde vart kulturminister. Hovudansvaret for rettskrivingsarbeidet fall på Kulturdepartementet, til dels i samråd og diskusjon med Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Gulbrand Lunde var ein sterk motstandar av 1938-rettskrivinga, som han såg på som «vulgær» på grunn av folkemålsformene som var tatt inn der. Han brukte uttrykket «det kohtske knot» om denne rettskrivinga (som i stor monn hadde hatt utanriksminister Halvdan Koht i regjeringa Nygaardsvold som inspirator og drivkraft). Lunde ønskte ei tilnærming mellom målformene på eit «høgnorsk» grunnlag. Det ville innebere ei reversering av tilnærminga på nynorsksida, og til dels også på bokmålssida, men samtidig ønskte Lunde å fremme former som peika tilbake mot norrønt også i bokmål. Dei kunne han da hente inn frå nynorsken.

Lunde sette ned to nemnder med éin felles leiar, lærar Kari Aas, til å gjennomgå 1938-rettskrivinga for kvar si målform og foreslå endringar. I bokmålsnemnda var Riksmålsforbundet representert, og resultatet vart at nemnda la fram eit framlegg som i hovudsak betydde ei tilbakevending til 1917-rettskrivinga. Dette kunne ikkje Gulbrand Lunde godta, og han sette i gang ein prosess internt i departementet for å få innført ei rekke tradisjonelle nynorskformer med «norrøn» klang. Også nynorsknemnda kom med eit sett retningsliner som i stor grad innebar ei tilbakevending til 1917-rettskrivinga.

Utpå hausten 1941 vart det gitt ut eit rettleiingshefte i den nye rettskrivinga, som dermed fekk offisiell status. Det kom òg ut ei ordliste for bokmål.

Rettskrivinga av 1941 var likevel ikkje ferdig utarbeidd. Det vart, til dels etter interne dragkampar, gjort stadige endringar, særleg i skrivemåten av enkeltord, kunngjort i rundskriv med ordlister som særleg pressa måtte rette seg etter. Men kjerneelementa i rettskrivinga vart lagt fram i ei revidert bokmålsordliste og ei nynorskordliste i 1942, og summert opp i eit rundskriv til skulane i 1943. Her følgjer eit oversyn over desse elementa.

Innhaldet i reforma

Rettskrivingsreforma av 1941

Norsk målbruk : Råd og regler : Ny rettskrivning 1941

Rettskrivingsreforma av 1941
Av .
Rettskrivingsreforma av 1941
Ny rettskrivning 1941 : Regler for bokmål, regler for nynorsk, fellesregler
Rettskrivingsreforma av 1941
Av .

Bokmål

19. juni 1942
Østlands-Posten, 19. juni 1942
19. juni 1942
Av .
  1. I hokjønnssubstantiv vart talet på obligatoriske a-endingar redusert, og det vart lagt vekt på at stil og emne skulle bestemme kor a-endingane kunne brukast.
  2. I ubestemt form fleirtal av inkjekjønn skulle det etter hovudregelen ikkje vere noka ending, altså: flere blad, brev, gymnas, tilfelle. Men endinga -er skulle vere tillaten i ein del ord, særleg slike som enda på -e og framandord, til dømes merker, minner, kapitler, steder, punkter.
  3. Verb av typen kaste skulle ha endinga -et i fortid, men a-ending skulle vere tillaten for elevar i deira skriftlege arbeid der det høvde stilistisk, altså kastet [kasta].
  4. Verba kunne, skulle og ville skulle i preteritum skrivast kunde, skulde og vilde, liksom før 1938. Det skulle også gjelde i nynorsk.
  5. I ein del ord skulle det gjennomførast tilnærmingsformer, til dømes gjente, no, sæter, sokn, veg, likne, tjuge. Det gjaldt ikkje minst ord med diftong: heim, sein, lauv, leik. Ei rekke tilnærmingsformer frå 1938 vart ståande, som farge, hage, gjennom, mellom, snø, bru, etter, hard, kald, svart, språk. I andre ord vart tilnærmingsformene fjerna og dei tradisjonelle formene gjort obligatoriske, til dømes gjemme, glemme, hull, kull, trett, læge, siden (i 1938-normalen: gjømme, glømme, hol, kol, trøtt, lege, sia – ved sida av dei tradisjonelle formene).
  6. Skrivemåten øy for øi skulle bli ståande, like eins formene meg, deg, seg, opp, som i 1938 hadde erstatta mig, dig, sig, op.

Nynorsk

  1. I bestemt form hokjønn eintal og inkjekjønn fleirtal vart endinga -i jamstilt med -a, altså bygdi jamsides bygda og ordi jamsides orda. I adjektiv på -en vart i-forma gjeninnført som valfri hovudform: Døri er opi, men Døra er open.
  2. Fleirtal av svake hokjønnsord skulle få obligatorisk -or – -one: fleire visor og gjentor, alle visone og gjentone.
  3. Infinitiv av verb skulle berre ha endinga -a: kasta, fara.
  4. Supinum av sterke verb skulle ende på -e, ikkje -i: Dei har ete, fare, kome. Same endinga skulle adjektiv på -en ha i inkjekjønn: Huset er ope.
  5. Ein skulle skrive -d i ein del ord der han hadde vorte avskaffa i 1938: breid, leid, strid, snild.
  6. Ein skulle skrive j framfor endinga -ing i verb på -ja: tenkjing, byggjing (av tenkja og byggja).
  7. Austnorske former med dobbelkonsonant vart fjerna i ein del ord, så det berre skulle skrivast kjøt, skot, domar, døma, fatig, gamal, hamar, ikkje lenger kjøtt, skott, dommar, dømma, fattig, gammal, hammar.
  8. Talorda frå 13 til 20 skulle skrivast trettan, fjortan, femtan, sekstan, syttan, attan, nittan, tjuge.
  9. Ei rekke andre tradisjonelle nynorskformer vart innført att til fortrengsel for dei tilsvarande tilnærmingsformene, til dømes gjenom, millom, då, tri, spjot, myrk, fåre, fårleg, fyrst. Formene om, opp og over vart ståande, men um, upp og yver vart gjeninnført som tillatne sideformer.

Gjennomføringa og opphevinga av 1941-rettskrivinga

 tirsdag 2. desember 1941

Grimstad Adressetidende, tysdag 2. desember 1941

tirsdag 2. desember 1941
Av .

Rettskrivingsreforma av 1941 skilde seg ut frå dei andre reformene i det at ho vart gjennomført med hard hand i pressa, som okkupasjonsstyret og NS hadde full kontroll med.

Meininga var at det same skulle skje i skulen, men her var mangelen på lærebøker eit effektivt hinder. Det var ikkje råd å produsere tilstrekkeleg med lærebøker mens krigen varte, og både papirmangel med rasjonering og manglande oppslutning om reforma blant lærarane utgjorde effektive barrierar. Forlaga, som hadde arbeidd under høgtrykk året før krigen for å skaffe lærebøker med 1938-rettskriving og dermed hadde store opplag liggande, hadde heller ikkje motivasjon eller økonomiske musklar til ein ny innsats av same slaget på kort sikt. Etter rundskrivet til skulane i 1943 skjedde det lite meir i denne saka.

Men i avisene vart 1941-rettskrivinga gjennomført frå og med sommaren 1942 etter ein overgangsperiode. På den måten var denne rettskrivinga synleg for folk fram til frigjeringa i 1945. Det folk flest la merke til som var verkeleg nytt i bokmålet, var forma no, som erstatta tradisjonsforma nu og 1938-forma . Forma no hadde aldri vore tillaten i bokmålsrettskrivinga (og har heller aldri vore det seinare), og vart dermed ståande som sjølve signalforma for NS-bokmålet.

Resten av 1941-rettskrivinga bestod av former som var kjent frå før, enten frå 1938 eller frå tidlegare rettskrivingar. Berre samanstillinga av former var ny, og lite tyder på at særleg mange la noka vekt på detaljane her ut over pressefolka, som stod under offentleg sensur også i det språklege. Denne situasjonen varte fram til 8. mai 1945. Opphevinga av 1941-rettskrivinga og gjeninnføringa av 1938-rettskrivinga frå denne datoen av har gått snøgt og utan diskusjon.

tirsdag 16. juni 1942

Finnmark Folkeblad, tysdag 16. juni 1942

tirsdag 16. juni 1942
Av .

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg