guaraní (språk)

Fadervår på guaraní.
Fadervår på guaraní i den katolske Pater Noster-kirken i Jerusalem. 100 språk er representert på veggene her.
Fadervår på guaraní.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Artikkelstart

Guaraní er eit språk som høyrer til greina tupí-guaraní av den tupianske språkfamilien. Språket og dialektgruppa blir talt av opptil sju millionar menneske i Paraguay, Brasil, Argentina og Bolivia. Saman med ulike tupi-språk, som blir talte av urfolk i Brasil, utgjer guaraní språkfamilien tupí-guaraní. Vidare slektskap med andre urfolksspråk i Sør-Amerika er ikkje sikkert påvist.

Faktaboks

Språkkoder
gn, grn (GN, GRN)
ISO-639:3
grn

Guaraní er førstespråket til over 5 millionar menneske – kring 5 millionar i Paraguay, 20 000 i Argentina (i provinsen Corrientes), 40 000 i Bolivia og 6000 i Brasil. Tala er noko usikre, og somme kjelder reknar med mellom 5 og 7 millionar talarar.

Guaraní har status som offisielt språk i Paraguay og er dagligspråk for mellom 40 og 90 prosent av befolkninga i landet. Variantar av guaraní er òg offisielle språk i delar av Argentina (provinsane Misiones og Corrientes i nord og dessutan Salta og Formosa i nordvest) og i Bolivia. Dermed er guaraní kanskje det søramerikanske urfolksspråket som står sterkast.

Guaraní har eksistert som skriftspråk med latinske bokstavar sidan 1600-talet. Jesuitten Antonio Ruíz de Montoya publiserte den første grammatikken i Madrid i 1639. Paraguay oppretta i 2012 eit språkakademi (Academía de la Lengua Guaraní) til å regulere ortografien.

Endonymet for språket er avañe'ẽ 'menneskespråket' eller 'indianarspråket' – i motsetning til kastiljansk (spansk), karaiñe'ẽ 'herrespråket'. Jamfør avá 'menneske', 'indianar', ñe'ẽ 'språk'. Paraguái er namnet på landet Paraguay, medan hovudstaden Asunción heiter Paraguay. Bolivia heiter Tetã Volívia 'landet Bolivia', og provinsen Corrientes i Argentina heiter Taragüí.

Språkfamilie

Guaraní høyrer til greina tupí-guaraní av den tupianske språkfamilien. Tupí-guaraní-greina har namnet sitt etter dei to best kjende språka, tupinambá (utdøydd) og guaraní. Det blir snakka tupíanske språk over heile Brasil og tilgrensande område.

Språkhistorie

Før den europeiske erobringa på 1500-talet var guaraní-talende folk utbreidd over eit stort område omkring elva Paraná i det noverande Paraguay. Lingvistar meiner å kunne påvise at tupi-guaraní-språkene oppstod i Amazonasbassenget rundt år 3500 fvt.

Mens andre urfolksspråk i Sør-Amerika for det meste er fortrengde av spansk og portugisisk, heldt guaraní stillinga si som dagligspråk i majoritetsbefolkninga i Paraguay gjennom kolonitida og fram til vår tid. Det kjem delvis av at dei spanske kolonistane var fåtalige slik at Paraguay frå byrjinga av vart eit tospråkleg samfunn, og delvis ved at guaraníane vart misjonert av jesuittane. Misjonsstrategien til jesuittane bestod i å etablere ideelle kristne samfunn på lokale språk. Grammatikkar og ordbøker vart skrivne og publiserte på ‘misjonsguaraní' (guaraní misionero), og slik fekk guaraní på 1600- og 1700-talet ein klassisk litteratur.

Dagens folkespråk i Paraguay, oftast kjent som jopará eller yopará (som betyr ‘blanding' på guaraní), er likevel ikkje ein direkte etterkommar av misjonsguaraní, men snarare ei vidareføring av språket som vart snakka i den tidlege kolonien (guaraní criollo). Dette språket naut høg status i landet òg etter sjølvstendet i 1810 og vart brukt i statsadministrasjonen og i militæret. I 1992 vart det sidestilt med spansk som offisielt språk og innført som obligatorisk fag i grunnskulen.

Paraguay er eit av dei mest tospråklege samfunna i verda. Ei hushaldsundersøking frå 2017 fann at 40 prosent av befolkninga berre snakkar guaraní i heimen, 30 prosent både guaraní og spansk, medan 26 prosent bruker spansk. Det blir noko publisert moderne litteratur på guaraní, og i ei viss grad blir språket nytta i massemedia. Spansk dominerer i forretningsliv og offentleg administrasjon.

Språksystem

Dette dømet gir eit lite inntrykk av korleis ei setning ser ut på guaraní:

  • Ko'ẽro reju ta reñami cheve, he'i.
  • [kɔ̃ˈʔẽɾɔ̃ ɾeˈju ta ɾẽˈɲãmĩ ʃeˈve heˈʔi]
  • 'I morgon kjem du og mjølkar for meg, sa han.'

Forklaringar:

  • che 'eg', 'meg', 'min'; che-ve 'meg-for/til'. Guaraní che er kanskje opphavet til den argentinske interjeksjonen che, som er nytta i Che Guevara.
  • he-'i 'han-seie'
  • ko'ẽro 'i morgon'
  • re-ju 'du-kome'; re-ñami 'du-mjølke'
  • ta framtidsmarkør

Verbet i guaraní har som regel eitt prefiks, for subjekt eller objekt: ha-'e 'eg-fortelje', che-juka 'meg-drepe'. Substantivet tek liknande prefiks, for eigaren: che-rymba 'mitt-dyr'. Postposisjonar står òg med eit slikt prefiks: che-ve 'meg-for', 'meg-til'.

Dialekter

Varianter av guaraní blir òg talte av eit dusin mindre urfolksgrupper i Paraguay og nabolanda. Paí tavyterá (kalla kaiowá i Brasil) blir talt av rundt 44 000 i Paraguay og Brasil, mbya av kanskje 15 000 i Paraguay og provinsen Misiones i Argentina. Dessutan snakkar kanskje så mange som 100 000 ein lokal variant av guaraní criollo, kalla guaraní correntino, i provinsen Corrientes i Argentina. Alle desse dialektane er innbyrdes forståelege og deler rundt 75 prosent av ordtilfanget.

I Bolivia og nord i Argentina (provinsane Salta og Formosa) blir guaraní eller chiriguaño talt av rundt 62 000 menneske. Sjølv kallar dei gjerne språket sitt avea guaraní.

Uttale

Guaraní har seks orale og seks nasale vokalar :
i [i]
y [ɨ]
u [u]
ĩ [ĩ]
ỹ [ɨ̃]
ũ [ũ]
e [e]
a [a]
o [ɔ]
[ẽ]
ã [ã]
õ [ɔ̃]
Her er konsonantane :
plosiv
p [p]
t [t]
k [k]
cu [kʷ]
' [ʔ]
prenasal
mb [mb]
nd [nd]
ng [ŋɡ]
ngu [ŋɡʷ]
nasal
m [m]
n [n]
ñ [ɲ]
[ŋ]
g̃u [ŋʷ]
frikativ
s [s]
ch [ʃ]
h [h]
approksimant
v [ʋ]
l [l]
j [j]
g [ɣ]
gu [ɣʷ]
flikk
r [ɾ]

Trykket ligg oftast på siste stavinga i ordet: tupa [tuˈpa] 'seng'. Unntak er markerte med ´: ánga [ˈʔãŋɡa] 'sjel'. Skiljet mellom oral og nasal vokal er berre markert i trykksterk staving.

Strengt rekna er prenasalane mb, nd, ng og ngu allofonar av nasalane m, n, ñ, og g̃u, og nasalen ñ er ein allofon av j. M, n, ñ, , g̃u og ñ står framfor nasal vokal og mb, nd, ng, ngu og j står framfor oral vokal. Då blir analysen slik, i samsvar med eit typisk drag ved tupianske språk meir allment:

  • ánga /ˈãŋa/ [ˈʔãŋɡa] 'sjel'
  • tembe /tẽˈme/ [tẽˈmbe] 'leppe'
  • mbói /ˈmoi/ [ˈmbɔi] 'orm'
  • ñami /jãˈmĩ/ [ɲãˈmĩ] 'mjølke'
  • jakare /jakaˈre/ [jakaˈɾe] 'alligator'
  • ñe'ẽ /jẽˈʔẽ/ [ɲẽˈʔẽ] 'språk'

Lånord

Europeiske språk har lånt fleire ord frå tupí-guaraní-greina av den tupianske språkfamilien. Det er ikkje alltid mogleg å avgjere kva for eitt tupí-guaraní-språk eit ord har kome frå, for desse språka er ganske like. Her er nokre ord som kjem frå guaraní eller det nærskylde nhe'engatú:

  • jaguar, av guaraní jaguarete
  • ananas, av guaraní anana
  • piraya, av guaraní pirãi
  • nandu, av guaraní ñandu
  • Guaraní pirãi 'piraya' tyder bokstavleg 'tannfisk': pira 'fisk' + tãi 'tann'.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg