Norsk folkekultur var eit tidsskrift som kom ut i perioden 1915–1935 og var eit tidleg forum for registrering og formidling av norsk kulturarv.

Historie

Det var Rikard Berge, museumsstyrar ved Telemark Museum frå 1916 til 1951, som tok initiativ til og redigerte Norsk folkekultur. Tidsskriftet vart først utgitt av Erik Gunleikson i Risør og frå 1926 av Norsk folkekulturs forlag i Skien.

Norsk folkekultur synte seg levedyktig i ei tid då finansiering av slike tidsskrift var problematisk. Tidsskriftet inneheldt eit mangfald av artiklar og ulike former for innsamlingsarbeid, i tillegg til bokmeldingar og dialog med lesarane. Spekteret var vidt, frå byggeskikk og gransking av stadnamn til folkemusikk, folkedikting og folketru. Nokre avhandlingar vart publiserte som særtrykk.

Den faglege profilen avspeglar den autodidakte Berge sine interesser og kunnskapar. Blant dei som skreiv i Norsk folkekultur, var Alexander Bugge, Edvard Bull, Anton Espeland, H.G. Heggtveit, Hans Seland, Chr. Skredsvig, Nikka Vonen og redaktøren sjølv. Kona hans, biletkunstnaren Johanna Bugge Berge, dotter av Sophus Bugge, utarbeidde framsida.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bø, O. (1972): Utsyn over norsk folkedikting. Oslo: Samlaget
  • Bø, O. (1988): Folketradisjon og kulturarv. Oslo: Samlaget
  • Finstad, H. ofl., red. (1988): Telemark historie. Tidsskrift for Telemark historielag, nr. 9. Ulefoss: Historielaget
  • Kvideland, R. (1988): «Rikard Berge – samlaren og forskaren», i Telemark historie. Tidsskrift for Telemark historielag, nr. 9, 1988. Ulefoss: Historielaget
  • Kvideland, R. (1988): «Rikard Berges forfattarskap. Ein selektiv bibliografi», Telemark historie. Tidsskrift for Telemark historielag, nr. 9. Ulefoss: Historielaget

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg