Brynjulf Alver

Faktaboks

Brynjulf Alver
Født
28. september 1924, Kristiansand
Død
21. februar 2009

Artikkelstart

Brynjulf Alver var ein norsk folklorist. Han var professor ved Universitetet i Bergen og ein av dei fremste forskarane i Norden innanfor folkloristikk og etnologi.

Alver studerte ved Universitetet i Oslo og tok magistergraden i folkloristikk i 1951. Han arbeidde som arkivar og universitetslektor ved Universitetet i Oslo frå 1962 til 1971, med eit års avbrot i København, der han var direktør for Nordisk Institut for Folkedigtning (NIF) frå 1968. Frå 1972 var han dosent i etnologi og folkloristikk ved Universitetet i Bergen, og frå 1983 til pensjonsalderen i 1994 var han professor i folkloristikk same staden.

Alver fekk ei sentral rolle i utviklinga av kulturfagstudiet i Bergen. Han forska på traderingsprosessar og sette kvardagsliv og folkekultur i samtida i fokus. Han var mellom dei første som brukte feltarbeid som metode. Alver var ein populær formidlar for ulike målgrupper også utanfor forskingsmiljøet.

Dei to første bøkene gav Alver ut i 1954: Segner frå Alversund og Torleiv Hannaas og hans arbeid med folkedikting. Mellom seinare arbeid i den omfattande og breie vitskaplege produksjonen er ei bok om folkeleg tidsrekning, Dag og merke (1970), ein analyse av «Draumkvedet» (1971), Overtru om sex (1993) og Norsk folkedikting (1996). Ei bok om juleskikkar kom i 2004.

Mange var også samarbeidsprosjekta hans. – og fela ho lét. Norsk spelemannstradisjon, skriven i 1966, gav han ut saman med Arne Bjørndal, og i 1971 var han medredaktør og bidragsytar i Nordic folklorists of the past. Det omfattande verket Norsk eventyrbibliotek redigerte han saman med Olav Bø og fleire i 1970- og 1980-åra. Alver var bidragsytar til gards- og ættesoge frå Alversund (2003). Saman med Reimund Kvideland og Astrid Nora Ressem gav han ut tobindsverket Olea Crøger. Lilja bære blomster i enge (2004). Dette arbeidet er ei undersøking av folkeminne frå Telemark, nedskrivne av Olea Crøger.

Alver var oppteken av museumsarbeid og kulturvern. Han grunnla Skedsmo Historielag i 1960. Han var formann og styremedlem ved Hordamuseet i 12 år og styremedlem ved Norsk Folkemuseum. Ved Vestlandske Kunstindustrimusem var han formann i fire år og styremedlem i seks. Han var òg styremedlem ved Ole Bull Akademiet i åtte år og formann for Norsk folkeminnelag i to år.

 Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brynjulf Alver: «Folkloristikk. Vitskapen om tradisjonen og samfunnet», Syn og Segn 1974
  • Dag Strömbäck, Brynjulf Alver ofl. (red.): Biographica. Nordic folklorists of the past. København 1971
  • Arild Strømsvåg og Torunn Selberg (red.): Hverdag. Festskrift til Brynjulf Alver. Med innleiing om Alvers karriere. Stabekk 1994
  • Hans-Jakob Ågotnes: «Brynjulf Alver», Aftenposten Morgen 2.3.2009
  • Hans-Jakob Ågotnes: «Ein ruvande personlegdom», Bergens Tidende 2.3.2009

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg