Nils Lid

Faktaboks

Nils Lid
Født
16. januar 1890, Voss, Vestland
Død
30. april 1958, Oslo

Artikkelstart

Nils Lid var folkeminnegranskar, språkvitar og skihistorikar. Han var ein føregangsmann i teknikken med å bruke spørjelister til innsamling av materiale.

Nils Lid var fødd på Voss. Han var bror til botanikaren Johannes Lid og forfattaren Brita Lid. Etter examen artium som privatist vart han cand.philol. i 1918 og dr.philos. i 1924 på avhandlinga Norske slakteskikkar. Avhandlinga var bygd på materiale frå utsende spørjelister, etter ein metode grunnlagd av tyskaren Wilhelm Mannhardt.

Lid var universitetsstipendiat i folkeminnevitskap 1920–1928, dosent i nynorsk ved Universitetet i Oslo frå 1935 og professor i norsk folkelivsgransking (etnologi) same staden frå 1940. Han gav ut to bøker om juleskikkar: Joleband og vegetasjonsguddom (1928) og Jolesveinar og grøderikdomsgudar (1933). Mange av avhandlingane han skreiv om magiske krefter og om korleis folk prøvde å påverke desse kreftene, er samla i Trolldom, festskrift til Nils Lid (1950).

Lid var òg mykje oppteken av norsk skihistorie. Han hadde eit nært samarbeid med svenske og finske etnologar om dette emnet og om magiske førestellingar hos folk på nordkalotten.

Nils Lid vart æresdoktor ved Universitetet i Åbo i 1955 og fekk ordenen Finlands Vita Ros.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bondevik, Kjell (1957): «Nils Lid», i Norsk Allkunnebok, bd. 8. Oslo: Fonna Forlag
  • Christiansen, Reidar Th. (1956): «Nils Lid in memoriam», NORVEG nr. 6/1956

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg