Hovudområdet for overgangen p, t, k til b, d, g er Sørlandet og Vestlandet frå Arendal til Midt-Ryfylke (til Skudenes på Karmøy). Denne overgangen er i hovudsak eit kystfenomen, men vest på Agder og i mykje av Rogaland strekker området med overgang til b, d, g seg langt inn i landet.
Denne overgangen frå p, t, k til b, d, g betyr overgang frå ustemde til tilsvarande stemde plosivar. Populært blir dette kalla overgang til «blaude» konsonantar. I fagspråket vil ein snakka om overgang frå fortes til lenes (ord frå latin), difor nemninga lenisering om dette dialektsærtrekket (fortes = sterk, kraftig og lenis = mjuk, mild).
Overgangen til b, d, g skjer med opphavleg (norrøne) korte (enkle) plosivar som står etter lang vokal, døme: å bide og å vede (norrønt bíta og vita).
Andre døme på overgangen i desse dialektene er:
-
å tabe, å gabe, å ròbe (ropa)
-
liden (liten)
-
å ede (eta)
-
mad (mat)
-
ei bòg (bok)
- å kòge
-
å bage (baka)
At overgangen berre gjeld opphavleg korte konsonantar, går fram av den vestegdske uttalen av til dømes orda åte (talord) og ei doute (dotter). Dette er ord som hadde lang konsonant i norrønt, og som altså difor ikkje har fått overgang til stemd konsonant.
Det finst også fleire døme på tidleg forlenging av den norrøne konsonanten, og dermed ikkje overgang til stemd lyd, sidan berre dei korte plosivane blei stemde, døme er hitt (adverb, av norrønt hit), eit spett (norrønt spit), fattig (norrønt fátøkr) og andre.
I austlege kyststrok på Agder er det også lett å finna døme på forlenging av den korte konsonanten etter at han blei stemd, jamfør Kristiansand bymål:
-
å sidde (sitja)
-
sjibb (skip)
-
kåbbår (kopar)
-
pebbår (pepar)
-
kjødd (kjøt)
-
nødd (ei nøtt)
-
rådden (roten)
-
spiggår (spikar)
Kommentarar (2)
skreiv Henrik Hageland
svarte Martin Skjekkeland
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.