Skudeneshavn er ein tettstad i Karmøy kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,6 km², og har 3332 innbyggjarar (2023).
Skudeneshavn ligg på sørspissen av Karmøy. Tettstaden vart tildelt merket Olavsrosa av stiftinga Norsk Kulturarv i 2016, og vart freda som kulturmiljø i 2018.
Skudeneshavn er ein gamal fiskarstad som fekk sterkt oppsving med sildefisket på byrjinga av 1800-talet. Bygningane og lokalmiljøet har stor kulturhistorisk verdi, så og seie alle dei 125 husa og 100 sjøbuene som var på staden i 1850, står framleis.
Fleire skipsreiarar er registrert i Skudeneshavn. Elles har staden fiskemottak og -foredling, slipp og mekanisk verkstad, samt ein naturpark med mange tre frå andre land.
Kommunestyret i Karmøy vedtok i 1996 at Skudeneshavn skal ha bystatus.
Namnet kjem av norrønt skúta ‘bergvegg som skyt fram’, og siktar til ein spiss som skyt ut frå Karmøya i søraust kalla Skudeneset, Skudepynten eller Skude.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.