Alm. Tre, blad og frukt av vanleg alm, Ulmus glabra.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Tørre frø frå alm

Samara frå alm (Ulmus glabra) blir spreidd i store mengder i byrjinga av juni dersom fjoråret hadde gode vekstvilkår for blomeknoppar. Frøa treng stratifisering (under 4 grader celsius, og fuktig i fleire månader) for å kunna spire.

Alm er eit tre som her i landet kan bli opptil 35 meter høgt og 400 år gammalt. Arten er oppført på den norske raudlista som sterk truga. Soppsjukdommen almesjuke kan råke alm, og saman med beiting er det dette som er det største trugsmålet (trusselen) mot arten.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ulmus glabra
Beskriven av
William Hudson
Raudlistestatus i Noreg
EN – Sterkt truet
Global rødlistestatus
DD – Datamangel

Skildring

Almeblad

Blada på alm er sagtagga og skeive ved grunnen.

Yteveden på alm er gråaktig, medan kjerneveden er mørkare gråbrun, ofte med fargetonar som grønt, gult og raudt innblanda. Grove porer i vårveden til årringen gir kraftig markering av strukturteikninga i flatsida, og gamle, hole stammar kan få ein omkrins på 7–8 meter. Blada til alm er dobbelt sagtanna, skeive ved grunnen og sit i to rekkjer på kvistene. Blomane er små og sit samla i tette, brune knippe. Den flate, breivenga nøttefrukta modnar hos oss først i juni.

Utbreiing

I Noreg er alm eit nokså vanleg tre nord til midtre Nordland. Det veks hovudsakleg i låglandet, men kan vekse opp til 900 meters høgd.

Bergalm er ein underart av vanleg alm. Han kan skiljast frå vanleg alm ved at han manglar hår på fleirårskvistene og har relativt tjukke blad. Bergalm er den vanlegaste underarten på Vestlandet og i Trøndelag, og har truleg innvandra frå vest.

Formeiring

Samara frå alm blir spreidd i store mengder i byrjinga av juni dersom fjoråret hadde gode vekstvilkår for blomeknoppar. Frøa treng stratifisering (under 4 grader celsius, og fuktig i fleire månader) for å kunna spire.

Bruk

I nødtider vart almebork mykje brukt til borkebrød, og det var også vanleg å skava borken til kufôr. «Almen gjer», sa folk; det vil seia at dyra vart feite av å eta almebork. Enkelte hevda at almebork var jamgodt med høy og almebast med mjøl.

Densiteten (massetettleiken) ved 15 prosent fukt er omlag 0,68 gram per kubikkcentimeter. Den sterke og seige veden toler sjokkbelastning godt, omtrent som ask. Han er lite haldbar ved varierande fukt. Almeved blir brukt til møblar, skaft og undervassbygging.

Raudlistestatus

Alm er på Artsdatabanken si Norsk rødliste for arter 2021 oppført som sterkt truga (EN). Bakgrunnen er tilbakegang i populasjonen som følgje av beiting frå hjortedyr og som følgje av visnesjuke (almesjuke) som er forårsaka av soppartane almesjukesopp og Ophiostoma ulmi, begge på framandartlista.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

alm
Ulmus glabra
Artsdatabanken-ID
103527
GBIF-ID
5361866

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg