Valkyrien Allstars i 2016.

Erik Sollid og Tuva Syvertsen.

Av /https://www.flickr.com/photos/toresetre/.
Lisens: CC BY SA 2.0

Valkyrien Allstars er ei norsk musikkgruppe som fornyar norsk folkemusikktradisjon med inspirasjon frå jazz, blues, soul, rock og reggae, og med songtekstar frå fjern og nær.

Etablering

Valkyrien Allstars, den opphavlege trioen. Frå venstre: Erik Sollid, Tuva Syvertsen og Ola Hilmen.
.

Valkyrien Allstars vart skipa i 2002 som ein hardingfeletrio med Tuva Livsdatter Syvertsen, Ola Hilmen og Erik Sollid. Dagens besetning er Syvertsen, Sollid, Magnus Larsen (kontrabass) og Martin Langlie (trommer).

Den opphavlege trioen møttest på Strunkeveko i Valdres og starta i 2004 med jamlege spelekveldar på utestaden Valkyrien i Oslo, der bandnamnet er henta frå. Syvertsen, som også er songar, og Sollid fekk opplæringa si Bærum spelemannslag under leiing av Hallvard Kvåle. Hilmen hadde tradisjonen med seg frå Valdres.

Utvikling

Trioen vart for alvor lagt merke til under arrangementet Folkelarm i Oslo hausten 2005 med ei blanding av arrangerte tradisjonsslåttar og eit moderne, soulinspirert songuttrykk.

Gruppa deltok på Landskappleiken på Beitostølen i 2006 og fekk ein respektabel 3. plass. Sommaren 2006 debuterte dei som teatermusikarar i førestillinga PEER av Knut Nærum. Hausten same året nådde dei finalen i fjernsynsprogrammet «Kjempesjansen» på NRK.

Det første albumet, Valkyrien Allstars, kom i 2007. Seinare har dei gitt ut albuma To måner (2009), Ingen hverdag (2011), Farvel slekt og venner (2014), Prøv å si noe til meg nå (2016) og Slutte og byne (2020).

Ved nokre høve har gruppa invitert med musikarar som Marit Steinsrud (langeleik), Anders Røine (munnharpe og langeleik) og Aslak Dørum (fleire instrument, mellom anna flygel).

Stil

Valkyrien Allstars tek ofte utgangspunkt i gamle slåttar og stevtekstar frå til dømes Setesdal, Valdres eller Numedal. Gruppa legg vekt på å setje eit moderne preg på musikk og framføring, men tek pietetsfullt vare på det sensuelle, løyndomsfulle, vemodige eller dramatiske islettet ein ofte finn i tekst og klangbilete frå den gamle tradisjonen.

Nokre av tekstane og melodiane lagar dei sjølve. Valkyrien Allstars har elles tonesett dikt av William Shakespeare, gjendikta av André Bjerke, Lord Byron, gjendikta av Karen Sofie Hansen, Henrik Ibsen, Arne Garborg / Jon Bjørgulvson Rysstad, Halldis Moren Vesaas og Olav H. Hauge.

Gruppa nyttar begge målformene eller dialekt.

Utmerkingar

Gruppa har vunne fleire prisar, mellom anna Grappas debutantpris i 2006, Årets folkemusikkartist under Folkelarm i 2008, Prøysenprisen 2020 og Spellemannprisen 2020 i klassa Viser.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg