Folkelarm, stifta i 2005, er eit årleg bransjetreff for folkemusikk med eit mål om å marknadsføre folkemusikkartistar for både norsk og internasjonal folkemusikkbransje og verdsmusikkbransje. Arrangementet blir eigd og drive av FolkOrg - organisasjon for folkemusikk- og folkedans i Noreg.

Folkelarmprisen - Norwegian Folk Music Awards - har blitt delt ut frå fyrste Folkelarm i 2005. Prisen blir delt ut til plateutgjevingar frå det siste året. Det har vore litt variasjon i kategoriane, men dei siste to åra har ein operert med fire klasser: solist, tradisjonelt samspel, open klasse og dokumentasjon. I tillegg blir Årets folkemusikar kåra.

Folkelarm har utvikla seg i retning ein meir internasjonal profil med hovudvekt på det nordiske. 90 søkjarar og berre plass til 13 av desse på programmet i 2013 viser at det er kremen av nordisk folkemusikk som her blir presentert. Dei siste åra har rundt 100 norske delegatar og omlag 50 delgatar frå ca. 20 land møtt på Folkelarm, arrangementet har slik utvikla seg til både å bli ein festival og ein møteplass for norsk og utanlansk musikkbransje.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.