Tina Bru

Faktaboks

Tina Bru
Født
18. april 1986, Moss, Viken
Stortinget.
Av /Stavanger Aftenblad/NTB Scanpix.

Artikkelstart

Tina Bru er politikar, 2. nestleiar i Høgre sidan 2020 og stortingsrepresentant for Høgre frå Rogaland sidan 2013. Ho er tidlegare olje- og energiminister i regjeringa Solberg i 2020–2021.

Bakgrunn

Tina Bru er fødd i Moss i Østfold (no Viken). Ho tok ein bachelorgrad i engelsk og religion ved Universitetet i Stavanger i 2006–2008 og tok ein bachelorgrad med fordjuping i endringsleiing frå BI i Stavanger frå 2010–2012.

Politisk karriere

Bru melde seg inn i Unge Høgre i 2005, var 2. nestleiar og fylkessekretær for Rogaland Unge Høgre i 2006–2007, deretter fylkesleiar i 2008–2009 og medlem av sentralstyret i Unge Høgre i 2008–2010. Ho var representant for Høgre i kommunestyret i Stavanger i 2007–2012 og i fylkesstyret i Rogaland i 2011–2013. Ho var òg politisk rådgivar for Stavanger Høgre i 2008–2010, for Rogaland Høgre i 2011–2012 og for fylkesordføraren i Rogaland i 2011–2013.

Bru var vararepresentant for Høgre frå Rogaland på Stortinget i 2009–2013. Ved stortingsvalet i 2013 blei ho vald inn som stortingsrepresentant for Høgre frå Rogaland og attvald for periodane 2017–2021 og 2021–2025. På Stortinget har ho vore medlem og nestleiar i energi- og miljøkomiteen, fram til ho blei statsråd i 2020. Ved Høgre sitt landsmøte i september 2020 blei Bru valt til 2. nestleiar i partiet, og ho tok dermed over for dåverande helseminister Bent Høie.

I januar 2020 blei Bru olje- og energiminister i regjeringa Solberg, etter at Sylvi Listhaug gjekk av då Framstegspartiet trekte seg frå regjeringssamarbeidet. Bru gjekk av som olje- og energiminister ved regjeringsskiftet hausten 2021. Ho vart attvald som stortingsrepresentant ved stortingsvalet i 2021 og vart fyrste nestleiar i finanskomiteen på Stortinget for perioden 2021–2025.

Bru er feminist og utfordrar konservative delen av Høgre sin politikk, spesielt i familie- og likestillingspolitikken. Bru vil avskaffe både kontantstøtta og barnetrygda, og ho er for eggdonasjon. Då to av biskopane i den norske kyrkja meinte at Noreg måtte bremse oljeutvinninga, melde ho seg ut av kyrkja. Ho er for ein aktiv oljepolitikk med mindre utslepp.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg