Faktaboks

Nyss
Offisielt namn
MEDIEHUSET NYSS AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Sykkylven
Dagleg leiar
Monica Jeanette Fallingen
Styreleiar
Frank Emblem

Nyss logo

Nyss.

Nyss er ei lokalavis for kommunane Stranda og SykkylvenSunnmøre. Avisa har kontor i Sykkylven og kjem ut i papirformat to gonger i veka, og elles som dagleg oppdatert nettavis. Gjennom nettavisa har abonnentar også tilgang til Nyss-TV som produserer reportasjar og nyheitssinnslag.

Nyss vart til ved samanslåing av dei tidlegare lokalavisene Sunnmøringen og Sykkylvsbladet i høvesvis Stranda og Sykkylven i 2021. Namnet er ei forkorting av Nyheiter frå Stranda og Sykkylven. Avisa er eigd av Polaris Media, og er medlem av Landslaget for lokalaviser.

Opplag

År Opplag
2022 3955
2023 4174

Opplagstala gjeld netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement, ifølgje statistikk frå Mediebedriftenes Landsforening.

Fakta

  • Første utgåve 6. januar 2021

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Nyss
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg