Faktaboks

hausa
Språkkodar
ha, hau (HA, HAU)
ISO-639:3
hau

Hausa er eit språk som høyrer til språkgruppa tsjadisk, som er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien. Hausa er førstespråket til nærmare 25 millionar menneske. 19 millionar av dei bur i Nord-Nigeria og 5 millionar i Niger. Resten bur i tilgrensande land som Benin og Kamerun og i Sudan. I tillegg finst det om lag 15 millionar andrespråksbrukarar.

Hausa er eit offisielt språk i Nigeria og nasjonalspråk i Niger. Det blir brukt i skuleverket, i Nord-Nigeria i tillegg til engelsk og i Niger i tillegg til fransk. Hausa er eit viktig handelsspråk i Nord-Nigeria. Det er i vanleg bruk i skule, administrasjon, kringkasting, presse og litteratur.

Språket heiter hausa på hausa. Ein person som høyrer til folkegruppa hausa, heiter bàhaushèe (hankjønn) og bàhaushìyaa (hokjønn), og i fleirtal hàusàawaa.

Språkfamilie

Hausa høyrer til språkgruppa tsjadisk, som er ei grein av den afroasiatiske språkfamilien. Dei andre greinene av den afroasiatiske språkfamilien er semittisk, berbisk, kusjittisk, omotisk og det utdøydde gamalegyptisk. Hausa er med andre ord ein fjern slektning av dei semittiske språka arabisk og hebraisk og det kusjittiske språket somalisk.

Språkhistorie

Hausa blir skrive med to alfabet, àjàmi eller det arabiske alfabetet og bookòo eller det latinske alfabetet. Àjàmi kom gjennom den islamske påverknaden tidleg på 1800-talet og bookòo gjennom kristne misjonærar frå Europa tidleg på 1900-talet. Àjàmi er i dag særleg nytta av folk med tradisjonell koranskuleutdanning og av folk som er opptekne av tradisjonar.

Den første og største hausaspråklege avisa, Gaskiya Ta Fi Kwabo (Gaskiyaa Taa Fi Kwabòo 'sanninga er meir verdt enn pengar') blei grunnlagd i 1939.

Språksystem

Hausa har eit svært komplisert system for å bøye substantiv i fleirtal, og det kan gjerast på mange måtar – her er nokre av dei:

Eintal Fleirtal Tyding
hanyàa hanyooyii 'veg'
kèekee keekunàa 'sykkel'
suunaa suunàayee 'namn'
àbookii àbòokai 'ven'
goonaa gòonàkii 'gard'
tunkìyaa tumaakii 'sau'

Systemet er så komplisert at ein som ein hovudregel må lære seg både eintal og fleirtal utanåt.

Uttale

Hausa skil mellom korte og lange vokalar, som i tàfi (med korte vokalar) 'dra av stad' og tàafii (med lange vokalar) 'handflate'.

Hausa er eit tonespråk, med ein låg tone, ein høg tone og ein fallande tone. I setninga mùtûm nee 'det er ein mann' har stavinga låg tone, markert med `, medan tûm har ein fallande tone, markert med ˆ. Ordet nee har ein høg tone, og det er ikkje markert med noko særskilt teikn.

Lånord

Det ser ikkje ut til at norsk har lånt nokon ord frå hausa, om vi ikkje tek med «sjargongen» til norske misjonærar i Kamerun, der ein nyttar hausa-interjeksjonane kâi og tòo. Kâi uttrykkjer at ein er overraska eller litt usamd, som norsk oi eller jøss. Tòo uttrykkjer at ein er samd, eller at ein forstår, som norsk ok eller ja vel. Orda har kome inn i misjonærnorsken via eit anna språk, fulfulde.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg