Rasmus Hansson

Faktaboks

Rasmus Hansson

Rasmus Johan Michael Hansson

Født
4. september 1954, Oslo
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Artikkelstart

Rasmus Hansson er biolog, forskar, miljøaktivist og tidlegare talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Han har vore stortingsrepresentant for MDG frå Oslo i periodane 2013–2017 og sidan 2021.

Bakgrunn

Rasmus Johan Michael Hansson er fødd i Oslo. Han tok examen artium ved Persbråten gymnas i Oslo i 1973, blei cand.mag. med faga biologi og kjemi ved Universitetet i Oslo i 1977 og cand.real. ved Universitetet i Tromsø i 1981. Hansson har gradual certificate i «business administration» og graduate diploma i «international politics» frå La Trobe University i Melbourne, Australia i 1999.

Hansson arbeidde som konsulent i Miljøverndepartementet i 1982–1984, hadde ulike stillingar ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø i 1984–1997, ved Universitetet i Oslo i 1994–1997 og var avdelingsdirektør for miljøvernprogrammet til Norad i 1997–1999. Hansson var generalsekretær for WWF Noreg i 2000–2012 og dagleg leiar ved CIENS (Forskingssenter for miljø og samfunn) i 2012–2013. Han var frå 2018 til 2021 dagleg leiar i Handelens Miljøfond.

Politisk karriere

Hansson blei vald til talsperson for MDG i 2014, saman med Hilde Opoku. Hausten 2017 melde han at han ville gå av som talsperson ved landsmøtet i 2018. Hansson var den første stortingsrepresentanten for Miljøpartiet Dei Grøne. Han vart vald inn frå Oslo for perioden 2013–2017. I denne perioden var han medlem av energi- og miljøkomiteen, av fullmaktskomiteen og av kontroll- og konstitusjonskomiteenStortinget.

Ved stortingsvalet i 2017 stilte han som førstekandidat for Akershus, men då MDG ikkje kom over sperregrensa etter valet fekk dei berre inn ein representant frå Oslo på Stortinget. Dermed mista Hansson plassen på Stortinget. Han stilte som andrekandidat for Oslo ved stortingsvalet i 2021 og vart igjen vald inn som stortingsrepresentant for MDG for perioden 2021–2025. I denne perioden vart han medlem av næringskomiteen på Stortinget.

Han har skrive ei rekkje artiklar om miljøvern, og dei politiske fanesakene til Hansson har vore å auke satsinga på vindkraft og skape ei berekraftig utvikling for miljøet, der mellom anna artane i Arktis vil overleve. Han har òg uttalt at klimakvoter ikkje vil gi nokon klimaeffekt. Han har vore med på å gi både partiet MDG og radikal miljøpolitikk sakleg tyngde i den politiske debatten. Som talsperson for MDG ville han dessutan arbeide for å bremse forbruket og den økonomiske veksten.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg