Møre er ei lokalavis som kjem ut i Volda i Møre og Romsdal. Avisa vart grunnlagd av Maurits Aarflot, og det første ordinære nummeret kom 3. januar 1903.
Møre (lokalavis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- AARFLOTS PRENTEVERK AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Volda
- Styreleiar
- Tore Aarflot


Opplagstall for Møre, 1986-2022
1986 | 3676 |
---|---|
1988 | 3640 |
1990 | 3677 |
1991 | 3689 |
1993 | 3802 |
1994 | 3699 |
1995 | 3734 |
1996 | 3762 |
1997 | 3840 |
1998 | 3829 |
1999 | 3836 |
2000 | 3868 |
2001 | 3902 |
2002 | 3863 |
2003 | 3807 |
2004 | 3775 |
2005 | 3746 |
2006 | 3759 |
2007 | 3752 |
2008 | 3735 |
2009 | 3722 |
2010 | 3690 |
2011 | 3650 |
2012 | 3578 |
2013 | 3449 |
2014 | 3373 |
2015 | 3317 |
2016 | 3207 |
2017 | 3162 |
2018 | 3048 |
2019 | 3028 |
2020 | 3075 |
2021 | 2979 |
2022 | 3045 |
Historie
Under tittelhovudet til Møre har det tidlegare stått «Norsk Landboeblad (1810) – Landboeavisen – Postbudet – Ugebladet». Avisa tilhøyrer ein lang avistradisjon, er mellom dei eldste i landet, og har ei direkte linje attende til den første avisa som kom ut i Distrikts-Noreg.
Norsk Landboeblad – Landboeavisen – Postbudet – Ugebladet
Som postopnar fekk folkeopplysningsmannen Sivert K. Aarflot tilgang til norske og utanlandske aviser. I 1807 søkte han om løyve til å opprette eit trykkeri på Ekset ved Volda, og fekk innvilga privilegium. Blytypene kjøpte han frå Tyskland, og med hjelp av boktrykkar Andreas Steen frå Trondheim fekk han laga ramme og presse. Norsk Landboeblad kom i 1810. Innhaldet var stort sett saksa frå andre aviser og Aarflot sitt eige bibliotek. I 1816 vart avisa lagt ned, og året etter døydde Aarflot.
Sonen Rasmus S. Aarflot tok over som postopnar og lensmann etter faren, og 1833 sendte han ut ei ny avis frå trykkeriet, Landboeavisen. Aarflot refererte fyldig frå Stortinget, der han sjølv hadde vore representant i fleire perioder. Då Rasmus S. døydde, tok sonen Maurits A. Aarflot over og gav ut avisa Postbudet etter same oppskrift.
I 1868 la Maurits A. Aarflot ned Postbudet, samstundes som han gav Jakob N. Kobberstad løyve til å trykke Møringen (1869–1874). I 1887 fekk Rasmus Steinsvik leige trykkeriet til å trykke avisa Vestmannen, som synte seg å bli for radikal for bygdas pietistar. Maurits A. Aarflot sa difor opp trykkeriavtalen og starta den konservative Ugebladet i 1888 som motvekt.
Møre
Same året selde Maurits A. Aarflot prenteverket til brorsonen, Maurits Aarflot, som starta avisa Møre som ein direkte etterfølgjar av Ugebladet. Avisa har hatt same namnet sidan overtakinga i 1902. Maurits Aarflot var sjølv utgivar og redaktør, og den nye avisa kom ut éin gong i veka. Som redaktør gav han avisa ein bondevenleg profil, med mykje jordbruksstoff og med støtte til Noregs Bondelag og Bondepartiet. Opplaget var til å begynne med nokre få hundre, men har sidan stige jamt og passerte 1000 eksemplar under andre verdskrigen.
Innhaldet var den første tida mest på dansk-norsk, men 2. juli 1910 skreiv redaktøren at frå då av skulle Møre ha landsmål som redaksjonell målform. Nynorsk er den redaksjonelle målforma også i dag. Frå denne datoen kom avisa ut to gonger i veka, frå 1916 tre gonger i veka. Også prenteverket frå 1810 følgde avisene, med nødvendige moderniseringar undervegs. I 1935 flytta avisa og prenteverket frå Ekset dei tre kilometrane inn til Volda sentrum. Maurits Aarflot var elles framtidsretta, og kjøpte mellom anna ny trykkpresse og bygde sitt eige el-verk for å drive prenteverket.
Maurits Aarflot sat som redaktør til 1936, då sonen Sivert Aarflot overtok redaktøransvaret. I november 1941 overtok broren Rasmus Aarflot, som sat heilt til han døydde i 1966. Møre kom ut under heile andre verdskrigen, men fekk ei rekkje reprimandar for å ha neglisjert nazistane sine pressedirektiv. Avisa fekk difor ikkje krav om erstatning etter krigen. I etterkrigstida vart bondeprofilen sterkt nedtona. Det same galdt det nasjonale og internasjonale stoffet, medan det reine lokalstoffet fekk stadig større vekt.
Etter nokre år med redaktørar utanfor Aarflot-familien overtok Tore Aarflot, son til Rasmus Aarflot, redaktøransvaret i 1997. Det er framleis Aarflot-familien som eig avisa, som dermed er ei av dei svært få familieeigde avisene i landet. I 2013 tok Tore Aarflot og dottera Tonje Marie L. Aarflot over alle aksjane i Aarflots Prenteverk AS. I 2003 vart trykkinga av Møre overteken av Polaris Trykk Ålesund AS. Avisa har i dag ei moderne nettavis og har undertittelen «Avis for Søre Sunnmøre».
Opplag
År | Opplag |
---|---|
1932 | 1500 |
1950 | 1912 |
1960 | 2314 |
1970 | 2858 |
1983 | 3377 |
1990 | 3677 |
1998 | 3829 |
2008 | 3735 |
2015 | 3243 |
2019 | 3028 |
2020 | 3075 |
Fakta
- Norsk Landboeblad: fyrste nr. 2.1.1810, fyrste utgivar Sivert K. Aarflot. Siste nr. april 1816.
- Landboe-Avisen 5.1.1833–9.12.1843.
- Postbudet 1.3.1845–26.12.1868.
- Møringen: første nr. 7.1.1869, siste nr. 21.11.1874. Ugebladet 6.10.1888–20.12.1902.
- Endra namn til Møre, prøvenr. 19.12.1902, fyrste ordinære nr. 3.1.1903
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Idar Flo: «Møre», Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4. Oslo 2010
- Øystein Sande: «Med Møre i 100 år», Voldaminne. Volda 2002
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.