Vestmannen var eit ungdomsblad som kom ut i Sogndal i nokre månader i 1896.

Etablering

Den første utgåva av Vestmannen kom på vårparten i 1896. Det var eit nynorsk frilynt blad for ungdom, med undertittelen «Fridom og framstig! Organ for den norske ungdom». Bladet kom ut ein gong i veka i fire-spalta format og kosta 50 øre kvartalet. For å få nye tingarar til bladet vart det mellom anna avertert slik: «Prøv Vestmannen eit fjorungaar. Spar t. d. for kr. 0, 50 i tobak og lat dei ganga til bladet.»

Drift

Vestmannen presenterte seg i det første nummeret som eit blad med målsetjing om opplysing og danning av norsk ungdom. Berre slik kunne den nye generasjonen føre landet inn i framtida, i første rekkje blant dei ulike nasjonane. Det er med andre ord tydeleg at norskdom var ei av kjernesakene til bladet, som truleg støtta partiet Venstre. Målsak stod òg sentralt, og Vestmannen vart frå første stund gitt ut på nynorsk.

Av innhald kunne bladet skilte med nyhende frå nær og fjern, livsskildringar og portrett av store menn, forteljingar, dikt, avhandlingar, reiseskildringar, spørsmål, flokar og gåter, i tillegg til ein bolk med undervisning i engelsk i kvart nummer.

Utgivaren var folkehøgskulelæraren og Venstre-politikaren Jens Kvåle. Den første redaktøren var Karl Nummedal, men Kvåle tok over stillinga i juni 1896. Vestmannen vart prenta ved E. Pedersens Bog- & Accidents-Trykkeri, og deretter ved Vestmannens Trykkeri.

Etter berre tjue nummer, 11. juli same året som bladet vart etablert, vart namnet endra til Ungdom (som igjen vart oppteken i avisa Sygna i 1901).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eggum, T. (2009): På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag
  • Flo, I., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra A til Å, bd. 4. Oslo: Universitetsforlaget

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg