Treungen

Artikkelstart

Treungen er ein tettstad og administrasjonssenter i Nissedal kommune, Vestfold og Telemark fylke, ved sørenden av sjøen Nisser. Dei viktigaste næringsverksemdene er trevareindustri, tekstilproduksjon og minkfôrfabrikk. Treungen var endestasjon på jernbanen Arendal–Nelaug–Treungen, som vart opna til Åmli i 1910 og til Treungen i 1913. Banen som var smalspora, fekk normalspor i 1946. Han vart nedlagd i 1967. Fleire av jernbanebygningane er bevarte.

Faktaboks

Etymologi

norrønt Þriðjungrinn, 'tredelen'; siktar truleg til ei gammal bygdeinndeling.

Også kjent som
Tveitsund
Innbyggertall
546 (SSB, 2020)
Landareal
1 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
3131 Tveitsund

Kart

Treungen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg