Agnes Buen Garnås, norsk folkesongar og kvedar, syster av folkemusikarane Knut og Hauk Buen. Ho har vore ein aktiv forkjempar for kveding som profesjonell songutøving. Formspråket hennes har eit rikt forsiringsverk, deklamatorisk rytme og særprega intonasjon. Buen Garnås har vore ansvarleg for ei rad med kurs og har drive med tilrettelegging av opplæring for born og vaksne over ein lang periode. Ho har vunne Landskappleiken i vokal folkemusikk heile seks gonger, i 1965, 1966, 1967, 1968, 1970 og 1973.

Buen Garnås har delteke på mange norske og internasjonale festivalar. Saman med kvedargruppene Det Syng og Kvedar har ho turnert i inn- og utland. Av album kan nemnast Draumkvedet (1984), som fekk Spellemannprisen, og Rosensfole (1989, saman med Jan Garbarek). Ho  har òg teke initiativ til og vore medredaktør av fleire samlingar med folkeviser og har dessutan vore ein aktiv pådrivar for utgjevingar av folkemusikklitteratur, blant anna om L.M. Lindeman og Olea Crøger. Buen Garnås blei tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 2002, same år som ho var ein av initiativtakarane til opprettinga av Norsk Kvedarforum. I 2005 blei ho tildelt Norsk Kulturåds ærespris.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.