Åse Michaelsen

Faktaboks

Åse Michaelsen

tidlegare Åse Schmidt

Født
4. juni 1960, Mandal (no Lindesnes), Agder
Stortinget.

Artikkelstart

Åse Michaelsen er tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet (FrP) frå Vest-Agder i 2005–2017 og tidlegare eldre- og folkehelseminister i regjeringa Solberg i 2018–2019.

Bakgrunn

Åse Michaelsen er fødd i Mandal (no Lindesnes) i Vest-Agder (no Agder). Ho gjekk på Mandal gymnas i 1976–1979, studerte engelsk ved Kristiansand lærerhøgskole (no Universitetet i Agder) i 1980–1981, tok utdanning til trenarinstruktør i Herne i Tyskland i 1982–1984 og studerte leiing og ressurseffektivisering ved Universitetet i Agder i 2008–2009.

Ho hadde praksisplass i eit arkitektfirma i Datteln i Tyskland i 1981–1982, arbeidde som handling coordinator i SAS i Düsseldorf i 1984–2000, i Kristiansand i 1990–2000 og på Gardermoen i 2000–2005. Ho var innehavar av ein bensinstasjon i Mandal i 2005–2007.

Politisk karriere

Michaelsen var medlem av formannskapet i Mandal bystyre i 1995–2011, medlem av sentralstyret i Framstegspartiet i 1998–2005, leiar av økonomi- og næringsutvalet i FrP i 1999–2002 og medlem av FrPs programutval i 2001–2002.

Michaelsen var innvald som stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Vest-Agder frå 2005 til 2017. Ho var medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteenStortinget i 2005–2009, av justiskomiteen i 2009–2013 og av transport- og kommunikasjonskomiteen i 2013–2017. Michaelsen var visesekretær ved Lagtinget i 2005–2009. Ho stilte ikkje til attval ved stortingsvalet i 2017.

Ved utvidinga av regjeringa Solberg i 2018 blei Åse Michaelsen statsråd i Helse- og omsorgsdepartementet, som eldre- og folkehelseminister. Ho var den første statsråden som hadde denne posten. Ho måtte gå av som eldre- og folkehelseminister i 2019 til fordel for Sylvi Listhaug, då Listhaug blei vald til nestleiar i Framstegspartiet i 2019.

Andre verv

Michaelsen var meddommar i lagmannsretten i Mandal i 1995–2007, i barnevernsnemnda i Vest-Agder i 2003–2005 og i tingretten i Mandal i 2003–2007. Ho var nestleiar i styret for Halse Eiendom i 2004–2005 og medlem av dette styret frå 2007.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg