Faktaboks

sandawe

endonym sàndàwé-kì'ìŋ

Uttale
sandˈawe
Språkkodar
sad (SAD)
ISO-639:3
sad

Sandawe er eit afrikansk språk som blir snakka i Usandawe (swahili for «Sandaweland») i det nordlege sentrale Tanzania, med sentrum i landsbyen Kwa Mtoro, som ligg midt mellom byane Dodoma (i søraust) og Singida (i nordvest) – og eit stykke sørvest for byen Kondoa.

Språket har ein viss dialektal variasjon, med ein gradvis overgang mellom ein vestleg og ein austlig dialekt. Dialektskilnadene er ikkje så store at det skaper problem i kommunikasjonen.

Usandawe

Sandawefolket og andre nyttar nemninga Usandawe om området der dette folket bur og der sandawespråket blir tala, men det er inga offisiell administrativ eining. Området er om lag 65 x 70 kilometer stort, og er mellom dei fattigaste områda i Tanzania.

Store delar av det nordlege Usandawe er bortimot folketomt, både fordi det er eit område med mykje tsetsefluer og fordi folk blei tvangsflytta derfrå i samband med det tanzanianske Ujamaa-programmet på 1970-talet, då folk blei samla i landsbyar.

Det finst ikkje noko nøyaktig tal på kor mange som snakkar sandawe, men det blei estimert til om lag 60 000 menneske kring år 2010. Det finst mindre grupper av sandawetalarar i byane Dodoma, Arusha og Dar es Salaam. Sandawe blir rekna som livskraftig. Det blir overført til nye generasjonar, og er i vanleg bruk i alle aldersgrupper.

Mange blant sandawefolket snakkar ein del swahili, språket i grunnskule og administrasjon – og det offisielle og nasjonale språket i Tanzania.

Levevis

Sandawefolket har tradisjonelt blitt karakteriserte som jegerar og samlarar, men dei fleste lever i dag av ein kombinasjon av enkelt jordbruk og fehald, jakt og samling av honning og frukt.

Sandawe som skriftspråk

Sandawe er primært eit munnleg språk. Det har ingen offisiell ortografi, men lingvistar frå den amerikanske misjonærorganisasjonen Summer Institute of Linguistics (SIL) har utvikla ein ortografi, som er presentert i avsnittet Fonologi og ortografi.

På grunn av det kompliserte lydsystemet – med 45 konsonantfonem, dobbelt så mange som til dømes i søraustlandsk norsk – må ein ha særskilt opplæring for å bruke denne ortografien, noko svært få sandawefolk har fått.

Språkfamilie

Sandawe er eit språkisolat – eit språk som ikkje er i påvist slektskap med andre levande språk.

Eldre klassifikasjon

I klassifikasjonen sin av afrikanske språk i boka The languages of Africa (1963) plasserte den amerikanske lingvisten Joseph H. Greenberg sandawe i ein familie han kalla khoisan, med tre hovudgreiner (sjå meir i artikkelen Joseph H. Greenberg sin klassifikasjon av afrikanske språk):

  1. sørafrikansk khoisan
  2. sandawe
  3. hadza

Desse språka har dette til felles:

  • Dei høyrer ikkje heime i nokon av dei tre andre afrikanske språkfamiliane Greenberg postulerte.
  • Dei har velarisk ingressive konsonantar – såkalla «klikklydar» (engelsk clicks).

Fordi dette er alt dei har felles – bortsett frå eigenskapar dei deler med andre språk i verda – må hypotesen om at det finst ein khoisan-familie forkastast. Det er ikkje påvist slektskap mellom sandawe og det andre «klikkspråket» i Tanzania, hadza, og heller ikkje mellom sandawe og «sørafrikansk khoisan», som må delast i tre uavhengige familiar; jamfør artikkelen språkfamiliar og språkisolat i Afrika.

«Klikkspråk»

Sandawe og dei andre «klikkspråka» er truleg etterkomarar etter språk som blei snakka i Afrika sønnanfor før bantuekspansjonen som byrja for om lag 3000 år sidan, frå høglandet i grenseområda mellom det noverande Kamerun og Nigeria.

Klikklydar finst ikkje berre i dei språka som Greenberg klassifiserte som khoisan, men også i ein del bantuspråk og kusjittiske språk, som påverknad frå språk med klikklydar frå gamalt av. Dahalo, eit truga språka som blir snakka av rundt 400 menneske ved kysten av Kenya, har i overkant av 60 konsonantfonem, og fire av dei er klikklydar. Det er ei vanleg oppfatning at dahalofolket tidlegare har snakka eit språk som var i slekt med sandawe eller hadza.

Morfologi

Substantiv

Substantiva har to genus eller grammatiske kjønn (maskulinum og femininum) og to numerus eller tal (eintal og fleirtal). Genus og numerus er ikke markerte på substantivet, men på grammatiske markørar elles i setninga, mellom anna subjekt- og objektmarkørar.

Bestemd (bunden) form er uttrykt med eit eige suffiks, .

Det finst ein del avleidde substantiv, mellom anna handlarsubstantiv. Substantivet fàréì 'løgnar' er eit handlarsubstantiv danna av verbet fàré 'ljuge'.

Verb

Verbet har samsvarsbøying med objektet; jamfør avsnittet Syntaks nedanfor.

Verbet kan òg ha avleiingssuffiks som uttrykkjer det same som norske preposisjonar. Følgjande verb har eit suffiks -kh som uttrykkjer det same som norsk for:

  • khwànté–é–kh-sé=sà 'ho kokte han for meg'
  • røre–3-for-meg=ho

Objektsmarkøren (markert med 3, for «3. person eintal eller fleirtal») viser her til dømes til graut. Subjektsmarkøren =sà er eit såkalla enklitikon, ein mellomting mellom eit suffiks og eit sjølvstendig ord.

Det finst òg mellom anna avleiingsuffiks som uttrykkjer at handlinga at handlinga skjer fleire gonger (iterativ):

  • Frå verbet tl'ínké 'sparke' kan ein danne det iterative verbet tl'ínkìmé 'sparke mange gonger'.

Syntaks

Substantivfrasen

I ein substantivfrase – eit setningsledd der eit substantiv er overleddetstår nokre underledd føre substantivet og andre etter. I dømet nedanfor står overleddet i midten, med eit underledd føre som uttrykkjer «eigar» og eit underledd etter som er eit adjektiv. Bokstavleg tyder det 'den store maten deira', men her er det meint 'den viktigaste maten deira':

UNDERLEDD OVERLEDD UNDERLEDD
hèsó mântchà bà'á-s-ế-ŋ
deira mat stor-vere-3-BESTEMT
EIGAR SUBSTANTIV ADJEKTIV

Føre eigarleddet kan det stå eit demonstrativ og etter adjektivet kan det mellom anna stå eit talord.

Strengt teke tyder hèsó 'dei', ikkje 'deira'. At det er ein eigar og må setjast om med 'deira', går fram av den vesle pila på mântchà 'mat'. Pila viser at tonen på ordet er litt lågare enn vanleg (dette blir kalla downstep), og den litt lågare tonen fortel at substantivet har eit eigarledd føre seg.

Setninga

Sandawe er eit SOV-språk, det vil si eit språk der subjektet (S) kjem først, deretter følgjer objektet (O) og til slutt verbet (V) – eventuelt med eit adverbial føre subjektet eller mellom objektet og verbet. Følgjande setningar er karakteristiske:

OBJEKT VERB
rògó=à qhèng-ím-á-á
kniv=3 slipa-ITERATIV-FLEIRTAL-3

'Han slipa knivar'

Verbet qhèng-ím-á-á har objektsmarkørane FLEIRTAL og 3. PERSON, som til saman tyder 'dei'.

SUBJEKT ADVERBIAL VERB
hèéù gìtl'ê-ŋ 'úr=à chwèésì̥
dette plagg-BESTEMT veldig=3 er møkkete

'Dette plagget er veldig møkkete'

Begge setningane finst det ein subjektsmarkør 3, for '3. person'. Dette er eit enklitikon som heng på det siste ordet føre verbet – i den første setninga på objektet, i den andre setninga på adverbialet.

Fonologi og ortografi

Nedanfor er fonem attgjevne mellom skråstrekar, til dømes /pʰ/, og ortografi i kursiv, til dømes p.

Vokalar

Sandawe har ti stemde og to ustemde vokalar. Dei stemde er fem korte og fem lange:

Fremre Sentral Bakre Fremre Sentral Bakre
Trong, ustemd /i̥/ /u̥/
Trong, stemd i /i/ u /u/ ii /iː/ uu /uː/
Midtre, stemd e /e/ o /o/ ee /eː/ oo /oː/
Open, stemd a /a/ aa /aː/

Det er ein kontrast mellom stemde og ustemde vokaler berre i slutten av ord.

Konsonantar

Sandawe har 45 konsonantfonem, som kan delast i tre grupper:

  • Pulmonisk egressive, med luftstraum ut frå lungene, som i alle norske konsonantar
  • Glottalisk egressive (ejektivar), med luftstraum ut sett i gang ved at ein hevar strupehovudet
  • Velarisk ingressive (klikkar), med luftstraum inn sett i gang ved at ein «syg» luft inn med eit lukke bak i munnen

Det finst 27 pulmonisk egressive konsonantar:

Pulmonisk egressive

Labial Alveolar Median Lateral Dorsal Glottal
LU bp /p/ dt /t/ tc /ts/ tl /tɬ/ gk /k/ ' /ʔ/
LA p /pʰ/ t /tʰ/ tch /tsʰ/ k /kʰ/
LS b /b/ d /d/ dz /dz/ dl /dɮ/ g /ɡ/
FU f /f/ s /s/ lh /ɬ/ kh /x/ h /h/
NS m /m/ n /n/ ŋ /ŋ/
XS w /w/ r /r/ l /l/ y /j/

Forkortingar: L = lukkelyd eller affrikat, F = frikativ, N = nasal, X = approksimant eller likvid, U = ustemt og uaspirert, A = ustemt og aspirert, S = stemt.

Det finst tre glottalisk egressive konsonantar:

Glottalisk egressive (ejektivar)

Labial Alveolar Median Lateral Dorsal Glottal
ts' /ts'/ tl' /tɬ'/ k' /k'/

Det finst 15 velarisk ingressive konsonantar:

Velarisk ingressive (klikker)

Dental Alveolar Lateral
Ustemd, uaspirert c /ǀ/ q /!/ x /‖/
Ustemd, aspirert ch /ǀʰ/ qh /!ʰ/ xh /‖ʰ/
Glottalisert c' /ǀ'/ q' /!'/ x' /‖'/
Stemd, nasal nc /ŋǀ/ nq /ŋ!/ nx /ŋ‖/
Stemd, oral gc /ɡǀ/ gq /ɡ!/ gx /ɡ‖/

Stavingar

Alle stavingar byrjar med éin konsonant. Det finst både opne stavingar og lukka stavingar. Dei lukka stavingar endar med éin konsonant.

Tonar

Sandawe er, som dei fleste afrikanske språk sønnenfor Sahara, eit tonespråk. Det er to tonehøgder, høg (H, merkt med akutt aksent: ´) og låg (L, merkt med gravis aksent: `). I tillegg finst det ein stigande tone (LH, merkt med `´ eller ˇ), og i nokre få særtilfelle ein fallende tone (HL, merkt med ´` eller ^). Her er nokre døme:

  • c'ínà 'bryst' vs. c'íná 'sand'
  • ts'ǒŋ 'nashorn' vs. ts'óŋ (eit treslag)

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eaton, Helen 2010: A Sandawe Grammar. (SIL e-Books. 20) SIL International.
  • Steeman, Sander 2011: A grammar of Sandawe. Doktoravhandling, Universitetet i Leiden, Nederland.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg