Bokstaveringsalfabet er ei rekkje av velkjende ord eller namn (so mange som det er bokstavar i alfabetet) med velkjend, eintydig uttale og skrivemåte (forbokstav), brukt til å stave vanskelege ord rett når ein dikterer, til å verte forstått i eit dårleg telefonsamband eller liknande.

Faktaboks

Også kjend som

fonetisk alfabet, stavealfabet

Bokstaveringsalfabet vert òg kalla stavealfabet eller fonetisk alfabet. Ordet fonetisk tyder i denne samanhengen 'lyd-' og vert brukt for å skilje bokstaveringsalfabet frå system baserte på flagg eller morse (og har altso ingenting med fonetikk eller det internasjonale fonetiske alfabetet å gjere).

Det finst mange ulike språkutgåver av bokstaveringsalfabet. Tabellen nedanfor viser den vanlegaste norske utgåva. Den internasjonale versjonen vert gjerne kalla NATOs fonetiske alfabet, og vart standardisert av Den internasjonale organisasjonen for sivil luftfart i 1956. Den internasjonale telekommunikasjonsunionen vedtok praktisk talt det same alfabetet i 1959, og Den internasjonale sjøfartsorganisasjonen fylgde etter i 1965.

Fonetiske alfabet (bokstaveringsalfabet)

Bokstav Norsk system Engelsk system Internasjonalt system*
A Anna Alfred Alpha
B Bernhard Benjamin Bravo
C Cæsar Charlie Charlie
D David David Delta
E Edith Edward Echo
F Fredrik Frederick Foxtrot
G Gustav George Golf
H Harald Harry Hotel
I Ivar Isaac India
J Johan Jack Juliette
K Karin King Kilo
L Ludvig London Lima
M Martin Mary Mike
N Nils Nellie November
O Olivia Oliver Oscar
P Petter Peter Papa
Q Quintus Queen Quebec
R Rikard Robert Romeo
S Sigrid Samuel Sierra
T Teodor Tommy Tango
U Ulrik Uncle Uniform
V enkelt-v Victor Victor
W dobbelt-v William Whisky
X Xerxes X-ray X-ray
Y yngling Yellow Yankee
Z Zakarias Zebra Zulu
Æ Ærleg**
Ø Østen, ørn**
Å Åse**

*Eigentleg ICAO-systemet eller NATO-systemet, men godt etablert som ein internasjonal standard.

**Dei norske bokstavane Æ, Ø og Å er ikkje standardiserte; ein kan derfor sjå andre ord oppgjevne.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg