Variantar av bokstaven Ø
Variantar av bokstaven Ø
Lisens: CC BY SA 3.0

Ø, ø, er den 28. bokstaven i det norske alfabetet.

Ø er opphavleg ei samanskriving av o og e: œ. På latin blei oe, som eigentleg var ein diftong, i sein tid uttalt som ø. I forma Ö, ö representerer ¨ eller ʹʹ ein liten gotisk e skriven ovanfor bokstaven.

Ø er ein halvtrong, fremre, runda vokal.

Teiknet o med strek gjennom blir brukt på norsk, dansk og færøysk, medan svensk, islandsk, estisk, finsk, tysk, ungarsk og tyrkisk skriv ö. Ungarsk har også ein lang variant, med strekar i staden for prikkar: ő. Lyden blir skriven på fransk som eu eller œ, og på nederlandsk som eu.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg