blankmispel
Busk av blankmispel.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Blankmispel er ein særskild hardfør busk i rosefamilien. I norsk natur er blankmispel ein framand art og svartelista under kategorien svært høg økologisk risiko.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Cotoneaster lucidus
Beskriven av
Diederich Franz Leonhard von Schlechtendal
Framandartstatus i Noreg
SE – Svært høy risiko

Skildring

Blankmispel i blom
blankmispel
Fruktene som vert danna er svarte bæreple.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Blankmispel er ein busk som vert om lag 2 meter høg. Busken har heile, mørkegrøne blad som vert mellom 2–7 centimeter lange. Blomane har kvite til bleikraude kronblad og sit 3–15 saman i klasar. Fruktene som vert danna er svarte bæreple. Desse vert spreidde av fuglar.

Utbreiing

Blankmispel kjem opphavleg frå grenseområdet mellom Sør-Sibir og Mongolia. I Noreg vart busken innført som hageplante frå slutten av 1800-talet, og har sidan forvilla seg i alle fylka her. Planta er hardfør og toler temperaturar ned til -25°C. Ho finst i mange ulike naturtypar: frå opne til skuggefulle stader, i skog, skogkantar, kratt, i attgrodd eng og beitemark, i rasmark, på berg og i skrentar, og også i vegkantar og i skrotemark.

Bruk

Blankmispel er innført til Noreg som hageplante og vert mellom anna nytta som hekkplante.

Økologiske konsekvensar

Blankmispel vert spreidd til naturen frå hagar og grøntanlegg og fortrenger heimlege artar. Særskilt utgjer blankmispel ein stor risiko for fortrenging av trua og sårbare artar i baserik skog, på bakkar og berg.

Systematikk

Nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Art Blankmispel Cotoneaster lucidus
Slekt Mispelslekta Cotoneaster
Familie Rosefamilien Rosaceae
Orden Rosales
Klasse Tofrøblada planter Dicotyledoneae
Rekke Dekkfrøa planter Angiospermae
Rike Planteriket Plantae

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

blankmispel
Cotoneaster lucidus
Tidlegare vitskapleg namn
Cotoneaster lucida
Artsdatabanken-ID
103278
GBIF-ID
3025769

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg