Parkslirekne fra Søndre Sandøy, Hvaler.
Prydrabarbra

Prydrabarbra, Rheum palmatum var. palmatum(blomster i forgrunnen og mørke blader)dyrkes som en dekorativ plante. I bakgrunnen sees blader av en annen art av rabarbra.

Slireknefamilien, ein plantefamilie innan klassen tofrøblada planter. Globalt består familien av omlag 43 slekter og 1110 artar, hovudsakleg i tempererte strøk. Artar som hønsegras, tungrass, fjellsyre, harerug, og nytteplantar som rabarbra og bokkveite høyrer til i slireknefamilien. Parkslirekne, som utgjer ein svært høg økologisk risiko for norsk natur høyrer òg til her.

Faktaboks

Også kjend som
Syrefamilien
Vitskapeleg namn
Polygonaceae

Skildring

Dei fleste artane i slireknefamilien er urter med spreidde blad, men det finnest òg tre og buskar i familien. Ved grunnen av bladstilken er det ofte ei hinneaktig slire som omsluttar stengelen. Blomane er radiærsymmetriske, ofte 3-6-talige. Frukta vert danna av tre samanvaksne fruktblad.

Les mer i Store norske leksikon

Faktaboks

slireknefamilien
Polygonaceae
Artsdatabanken-ID
102893
GBIF-ID
2416

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg