Tormod Haugland

Faktaboks

Tormod Haugland
Født
15. mars 1962, Radøy, Vestland
Av /Forlaget Oktober.

Artikkelstart

Tormod Haugland er ein norsk forfattar og essayist som har hausta strålande kritikkar for bøkene sine. Han var leiar for Skrivekunstakademiet i Hordaland frå 1998 til 2008.

Bakgrunn

Tormod Haugland er fødd på Radøy (no Alver) i Hordaland (no Vestland). Han gjekk både på jordbruksskule og teikne- og måleskule før han tok utdanning som illustratør ved Kunsthåndverkskolen i Bergen.

Forfattarskapen

Haugland debuterte som forfattar i 1994 med romanen Under, den første i ein suite av kortare romanar. Han har i ettertid gjeve ut både diktsamlingar som På øya (1998), novellesamlingar som Orden (1999), og essaysamlingar som Orm, ugla og and (2008).

Romanar

Heilt frå debuten synte Tormod Haugland seg som ein formmedviten forfattar. Dei første romanane var korte, reinskorne og minimalistiske, med eit språk utan ornament av noko slag. Her fanst knapt ein einaste metafor, og Haugland gjorde ingen freistnad på å gjere teksten universell ved å utstyre han med allegoriske element. Tvert om synte han lesaren det dramatiske potensialet i det trivielle. Romanane var som kart i målestokken 1:1, dei skildra konkret det hovudpersonen såg i periskop-perspektiv, men rørslene i handlingane og replikkane løynde eit eller anna uklart trugande som gjorde teksten engasjerande. Nokre av boktitlane var også tvitydige, som debutromanen Under og den tredje romanen, Heller.

Under handlar om ein mann som kjem til ei lita bygdVestlandet for å arbeide på ein gard. Arbeidet er slitsamt, og hovudpersonen slit også med å forstå dei sosiale kodane på den nye staden. Det hender ikkje stort, men lesaren forstår at det ligg mykje dramatikk under overflata. Noko har truleg skjedd, noko kan kome til å skje, av dette som heile tida løyner seg i det kvardagslege, og som hovudpersonen av og til meiner han ser. Ved å la vere å bruke verkemiddel som metaforar og allegoriar maktar Haugland i denne særmerkte debutboka å gjere teksten essensiell og truverdig.

I dei to neste romanane, Varmare (1995) og Heller, held Haugland seg konsekvent til same estetikken som i debuten. Her er ingen store fakter, men teksten vert driven fram av den gode og musikalske rytmen i det enkle språket. Fråvær av synlege verkemiddel tilfører teksten autentisitet, men i dei mange replikkvekslingane ligg det ofte noko uforløyst, som om personane eigentleg ønskjer å seie noko anna, men ikkje får seg til det, ikkje vågar, eller ikkje kan.

Med mellom anna dei seinare romanane Inkarnasjon (2004) og Romberg. Kvinner og kriminalitet (2010) tok forfattarskapen til Haugland ei ny vending, mot det meir komplekse og ordrike. Setningane vart elegante og poengterte, og der replikkvekslingane i dei første bøkene helst var kvardagslege, kunne dei frå no av, og i dei to neste romanane, vere teoretiske, abstrakte og lærde. Medan det truverdige og ofte landlege dominerte i dei tidlege bøkene, fekk det teoretiske, abstrakte og intellektuelle mest plass i dei nye. Teksten fekk slik sett eit meir essayistisk preg.

Lyrikk

På øya (1998) er ei samling korte dikt der det konsentrerte uttrykket opnar for slike refleksjonar som dei tidlege romanane unngjekk. Dikta krinsar om det konkrete, om kvardagslege opplevingar på ein gard, men registreringa av det trivielle gjer det nytt og innhaldsrikt, alt har noko å fortelje. Til skilnad frå romanane lyfter dei enkle observasjonane i dikta seg frå det spesielle til noko universelt, nettopp ved at dei står utan kontekst. Merksemda til diktaren isolerer det alminnelege som fenomen, og lesaren ser det som en den eigentlege verdien i det.

Essay

I 2008 kom essaysamlinga Orm, ugla og and, med undertittelen Prosa obskura. Med omgrepet «prosa obskura» syner Haugland til ein personleg essaystil, der fakta og fiksjon er slik blanda at det er vanskeleg for lesaren å skilje kategoriane frå kvarandre. Samansetjinga skaper underhaldande og fengslande tekstar, som særleg byggjer på den essayistikken Montaigne fann opp, der forfattaren set det aktuelle i samband med slike erfaringar som er skildra i den klassiske og antikke litteraturen.

Underfundig humor og stor fridom i assosiasjonane gjer tekstane i essaysamlinga til Haugland originale og poengterte, særleg når dei kombinerer litteraturhistorisk danning med detaljert kunnskap om samtidslitteraturen. Haugland observerer det aktuelle og plasserer det i ein overraskande historisk kontekst, utan at det verkar konstruert eller pompøst.

Anna litterært engasjement

Haugland var leiar for Skrivekunstakademiet i ti år og arbeidde aktivt for å betre statusen til og kvaliteten på forfattarstudiet. I dag skjer mykje av rekrutteringa til norsk litteratur gjennom akademiet, og Haugland har sin del av æra for dette.

Bibliografi

  • Om livet på jorda (Roman, Oktober, 2021)
  • Om søvn og mørke (Roman, Oktober, 2019)
  • Om dyr og syn (Roman, Oktober, 2017)
  • Mørk materie (Roman, Oktober, 2015)
  • Straumen går (Lyrikk, Oktober, 2012)
  • Romberg (Roman, Oktober, 2010)
  • Orm, ugla og and. Prosa Obskura (Oktober, 2008)
  • No Mar (Roman, Oktober, 2006)
  • I den sjette verda (Roman, Oktober, 2005)
  • Inkarnasjon (Roman, Oktober, 2004)
  • To stykke: «Hus forbi» og «Isolasjon» (Dramatikk, Oktober, 2002)
  • Verd (Roman, Oktober, 2000)
  • Orden (Noveller, Oktober, 1999)
  • På øya (Lyrikk, Oktober, 1998)
  • Heller (Roman, Oktober, 1997)
  • Varmare (Roman, Oktober, 1995)
  • Under (Roman, Oktober, 1994)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg