Faktaboks

Frelsesarmeen
Etymologi
engelsk The Salvation Army
Organisasjonstype
Forening/lag/innretning
Forretningsadresse
Oslo
Stifta
31.12.1888
Dagleg leiar
Knud David Welander
Styreleiar
Knud David Welander
Frelsesarmeen

Frelsesarmeen. Stormangrep på ein fiskarlandsby, måleri av Wilhelm Otto Peters (1851–1935). Militærliknande uniformar, song og hornmusikk er karakteristisk for Frelsesarmeen.

Av /KF-arkiv ※.
Trygg barneherberge i Kristiania, 1912.
Ei av Frelsesarmeens sosiale tenester har vore og er drift av barnevernsinstitusjonar. Frelsesarmeens barneherberge kunne tilby kort- og langtidsplassar for barn i ein utsett situasjon. Foto frå Trygg barneherberge i Kristiania, 1912.
Av /Norsk Folkemuseum.
Lisens: CC0 1.0
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Frelsesarmeen er ein internasjonal kristen organisasjon og trussamfunn, utvikla frå Aust-Londons kristne misjon og stifta av William og Catherine Booth i 1865. I 1878 organiserte dei medarbeidarane sine etter militære førebilete med militære titlar og streng disiplin, og organisasjonen fekk namnet The Salvation Army. William Booth blei øvste leiar med rangen general, medan fana til armeen fekk inskripsjonen Blod og eld (av Kristi blod og elden til Den heilage ande) og The War Cry (Krigsropet) blei publiseringsorganet til rørsla. I 1880 starta Frelsesarmeen arbeid i Amerika og Australia, 1881 i Frankrike, 1882 i Sverige og 1888 i Noreg.

Frelsesarmeen er (2019) verksam i over 130 land og har cirka 1,2 millionar soldatar, 26 753 offiserar og 112 203 sivilt tilsette. General er Lyndon Buckingham (vald 2023). Organisasjonen gir ut ei heil rekkje tidsskrift.

Organisasjon

Frå første stund blei kvinner likestilte med menn i alle Frelsesarmeens stillingar, og både kvinner og menn har hatt øvste posisjon som general. Offiserar får ei praktisk og pastoral utdanning ved eigne offisersskular, ofrar heile si tid i tenesta til organisasjonen, og får sitt økonomiske underhald av organisasjonen. Soldatane beheld sitt «sivile» yrke og gir av fritida si til organisasjonen.

Frelsesarmeen ønskte opphavleg ikkje å vere ei eiga kyrkje, men i dei fleste land der armeen opererer, har organisasjonen status som kyrkjesamfunn (i Noreg, sjå nedanfor). Eit forsøk frå anglikansk side på å innordne Frelsesarmeen si verksemd i rammene til den engelske statskyrkja blei avvist, og presten Wilson Carlile stifta difor Church Army i 1882.

Frelsesarmeen driv korps eller nærmiljøkyrkjer verda over. Desse tilbyr gjerne gudstenester, førebyggjande arbeid for barn og unge, trivselstiltak for familiar og eldre, og dessutan sosial hjelp i nærmiljøa. Ein kan vere medlem både som soldat (uniformert medlem, med vedkjenningsplikt og livsstilsforpliktingar) og som tilhøyrig (medlem med vedkjenningsplikt). Møta er likevel opne for alle.

Organisasjonen internasjonalt driv også barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular og høgskular/universitet.

Lære

Lærespørsmål har ikkje spelt særleg stor rolle i Frelsesarmeens historie. Frelsesarmeen har eigne læresetningar, men byggjer på dei oldkyrkjelege vedkjenningane. Hovudvekta blir lagd på personleg omvending og heilaggjering eller at ånda har ei suveren kraft i seg. Forkynninga legg vekt på vitnesbyrd om frelse ved Jesu blod.

Frelsesarmeens syn på homofili har vore omstridd. I Noreg så vel som internasjonalt har dei ikkje godteke at homofile med partnarar får stillingar som offiserar i organisasjonen. Dette synest i seinare tid å ha blitt mjuka noko opp, sjølv om Frelsesarmeen internasjonalt står for det same synet som før.

Det er særleg to særpreg ved Frelsesarmeens teologi. Det eine er vektlegginga av at frelsa ikkje er avhengig av ytre handlingar. I motsetnad til dei fleste kristne kyrkjesamfunn har Frelsesarmeen difor ikkje dåp- og nattverdshandling med synlege element som vatn, brød og vin (spiritualistisk sakramentsforståing). Det andre er vektlegginga av heilaggjeringa.

Armeen tilbyr barnevelsigning, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Frelsesarmeens viktigaste ritual er soldatinnviinga. Eit karakteristisk trekk ved forkynningsarbeidet har vore friluftsmøte med korte talar, musikk og song. Det blir i tillegg brukt eit breitt spekter av verkemiddel tilpassa dei lokale behova.

Noreg

Frelsesarmeen i Noreg blei grunnlagd i 1888 av den svenske kommandøren Hanna Ouchterlony. Frelsesarmeen er eit trussamfunn i Noreg, registrert i 2005. Det er omkring 100 korps eller nærmiljøkyrkjer (kyrkjelydar). Armeen har (2019) cirka 10 000 medlemmer, av desse er cirka 4250 soldatar og 1760 tilhøyrige. 150 er aktive offiserar, og cirka 1800 er sivilt tilsette. Frelsesarmeens barn og unge (FAbU) har cirka 3000 medlemmer.

Sosialtenesta i Noreg omfattar barne- og ungdomsheim, mødreheim, eldrearbeid, familiegjenforeining («Ettersøkelsen»), barnehagar, bu- og behandlingstilbod for rusmiddelavhengige, sjukehus for rusmiddelavhengige («Gatehospitalet»), fleirkulturelt arbeid, slumstasjonar, fengselsarbeid og arbeid blant døve og blinde. På Jeløy i Moss har Frelsesarmeen samla alle utdanningsinstitusjonane sine: toårig offisersskule, eittårig bibelskule, medarbeidarskule og dessutan Jeløy Folkehøyskole. Frelsesarmeen driv også ein butikk for «rettferdig handel», Others (tidlegare Sally Ann). Den har også netthandel. Gjennom attføringsbedrifta Fretex, som er den største bruktbutikkjeda i landet, får årleg 4000 personar arbeidstrening.

Frelsesarmeen i Noreg blir leidd av ein territorialleiar, Knud David Welander (2023) og ein sjefsekretær, Paul Waters (2023). Frå hovudkvarteret i Oslo leier dei også Frelsesarmeen på Island og Færøyane.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Borgen, Peder & Brynjar Haraldsø, red.: Kristne kirker og trossamfunn, 1993, 193–205, isbn 82-519-1137-0
  • Gundersen, Bjarne Riiser mfl.: Elevator : Fretex i 100 år, 2004, isbn 82-7547-161-3
  • Molland, Einar: Kristenhetens kirker og trossamfunn, 1976 (kap. 14), isbn 82-05-08747-4
  • Norum, Charles: Med kjærlighetens våpen : Frelsesarmeen i Norge 100 år, 1987, isbn 82-90222-26-2
  • Norum, Charles, red.: Med en stjerne i hjertet : biografiske blad av Frelsesarmeens historie i Norge, 1991, isbn 82-503-0989-8
  • Sødal, Helje Kringlebotn, red.: Det kristne Norge, 2002 (kap. 12), isbn 82-7634-354-6

Faktaboks

Frelsesarmeen
Sektorkode
7000 Ideelle organisasjoner
Næringskode(r)
94.910 Religiøse organisasjoner; 87.901 Institusjoner innen barne- og ungdomsvern

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg