Nikka Vonen

Faktaboks

Nikka Vonen
Nicoline Marie Vonen
Født
14. november 1836, Fjaler, Vestland
Død
29. november 1933
Gravlagd på Dale kyrkjegard
Nikka Vonen
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Frå ein klatretur til Galdhøpiggen i slutten av 1870-åra. Frå venstre: Emanuel Mohn, Nikka Vonen, Johanna Walumann og Jens Rolfsen. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Nikka Vonen
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Nikka Vonen var skulestyrar og folkeminnesamlar. Ho dreiv pensjonatskule i Fjaler i 38 år, skreiv ned folkeminne og folkeskildringar og var den første kvinna i Vestmannalaget. Vonen stod for kvinnefrigjering.

Bakgrunn

Nikka Vonen, døypt Nicoline Marie Vonen, var fødd i Dale i Ytre Holmedal (no Fjaler) i noverande Vestland. Frå 1847 gjekk ho på pensjonatskule i Davik. Etter å ha vore guvernante i Florø og Lyngdal reiste ho i 1856 til Kristiania for å gå på «et Pikeinstitut». Deretter var ho mellom anna guvernante i Drøbak og Vestre Aker.

I 1862 vende ho attende til Sunnfjord og byrja å skrive folkelivsskildringar. Etter endå nokre år i Kristiania slo ho seg ned i Dale for godt og skipa ein pensjonatskule for unge jenter i 1869.

Pensjonatskulen på Steia

Seint i 1860-åra var ho ei tid i Kristiania og tok guvernanteeksamen ved Nissens Høiere Pigeskole. I 1869 skipa ho så saman med enkjefru Laura de Ferry Nitter pensjonatskulen for unge jenter i Dale. Dei to første åra heldt skulen til på garden Yksnebjør. Frå 1871 styrte ho skulen åleine på farsgarden Steia, som ho tok over i 1875. Skulen, som stod folkehøgskulen nær, hadde godt omdøme, vart landskjend og heldt fram til 1907, då helsa til Vonen tok til å svikte.

Vonen underviste sjølv i religion, historie, norsk og tysk. Til saman gjekk om lag 800 elevar på denne skulen. Dei fleste kom frå høgare samfunnslag i byar og tettstader i Noreg, nokre òg frå utlandet. Mellom dei som gjekk på skulen, var Bergljot Bjørnson og Karen Platou, som seinare vart den første kvinna som vart vald inn på fast plass i Stortinget.

Folkeminne og folkelivsskildringar

Alt tidleg i 1850-åra hadde Vonen skrive ned folkeminne etter ei eldre kvinne i bygda. I 1862 trefte ho Eilert Sundt, som bad henne skrive folkelivsskildringar. I 1865–1866 prenta han anonymt sju av skildringane i Folkevennen og i Om Sædelighets-Tilstanden i Norge. I 1868–1869 kom det 24 forteljingar frå Sunnfjord i Dølen, omskrivne av Hans Ross til sunnfjorddialekt. Vonen sin opphavlege tekst var på dansk, med dialekt i replikkar. Også desse forteljingane vart prenta anonymt. Ross prenta òg tre forteljingar i Ein Soge-Bundel i 1869, og i 1870 kom det tre skildringar i Svein Urædd.

I 1909 gav Vonen ei samling folkelivsskildringar og andre nedteikningar til Bergen Museum. Alt i 1879 hadde ho fått tildelt livsvarig medlemskap i foreininga til museet. Til saman gav ho museet over 360 sider med nedteikningar. Ho publiserte ikkje sjølv det ho skreiv ned, men andre – Eilert Sundt, Hans Ross og Rikard Berge – sytte for at noko av materialet vart prenta. Då ho døydde, etterlét ho seg brev og papir som enno er lite utforska.

Vestmannalaget og kvinnesak

Ho skreiv sjølv dansk, men hadde sympati med målsaka. Då Vestmannalaget i 1871 vart opna for kvinner, vart ho i 1872 den første kvinna i laget. Ho var glad i å gå i fjellet, var tidleg medlem i Den Norske Turistforening og tok også elevane med på fjellturar. Mellom anna gjekk ho i Jotunheimen og var ei av dei første kvinnene som gjekk til toppen av Galdhøpiggen. Ho var interessert i geologi og hadde ei stor steinsamling. Vonen støtta kvinnefrigjeringa og skreiv av og til i bladet Urd.

Utmerkingar

Då pensjonatskulen var 25 år, vart ho tildelt Oscar 2.s fortenestemedalje. Etter at ho døydde, reiste elevane ein bauta på skulestaden. I 1980–1981 og 1984–1985 sette Sogn og Fjordane Teater opp eit skodespel om Vonen, skrive av Rolf Losnegård.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Rikard Berge: «Nikka Vonen», Norsk folkekultur 19. aargangen/ 1933
  • Rikard Berge: Norsk sogukunst. Sogusegjarar og sogur, skildringar og uppteikningar av Rikard Berge, Sophus Bugge, Anna Monrad, Sigrid Undset, Nikka Vonen. Kristiania 1924
  • Eli Bjørhusdal: Målkvinner før 1900. Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet nr. 12. Volda 2001
  • Inger Lise Breivik (red.): Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980
  • Magne Fagerheim: Pensjonatskular i Fjaler gjennom 100 år. Dale i Sunnfjord 1998
  • Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978
  • Greta Hekneby: Nikka Vonen. Folkeminnesamlar, skulestyrar og målkvinne. Førde 2010
  • Anne Johanne Kvale: «Nikka Vonen – ei føregangskvinne frå Sunnfjord». Jul i Sunnfjord 1973
  • Anne Johanne Kvale: «Skrivande kvinner – om og frå Sunnfjord». Jul i Sunnfjord 1969
  • Rolf Losnegård: «– for ei kvinne å vere har du mykje bra vet –». Ein skuletime om sunnfjordkvinna Nikka Vonen (1836–1933), hennar liv og livsverk (rollehefte). Førde 1980

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg