Faktaboks

Galdhøpiggen
Etymologi
av gald, ‘bratt bergvegg’
Region
Jotunheimen. Lom kommune, Innlandet
Høgd
2469
Førstebestigning
Første kjente bestigning var i 1850 av Steinar Sulheim, Ingebrigt N. Flotten og Lars Arnesen.
Galdhøpiggen

Galdhøpiggen og Styggebrean sett frå Skautflye

Av /KF-arkiv ※.
Galdhøpiggen
Noregs høgaste fjell sett frå Juvasshytta
Galdhøpiggen

Galdhøpiggen er eit fjell i Jotunheimen, i Lom kommune, Innlandet; 2469 meter over havet. Galdhøpiggen er det høgaste fjellet i Noreg og Nord-Europa.

Glittertinden har tradisjonelt vore det høgaste punktet om ein reknar med snøskavlen på toppen, men har frå 2000-talet vore lågare enn Galdhøpiggen sjølv om ein reknar med snøskavlen, 2460 meter over havet. Toppen av Galdhøpiggen er fri for snø om sumaren.

Frå Galdhøpiggen er det eit mektig utsyn over store delar av Jotunheimen og heilt til Snøhetta i nord, i alt ein tidel av den norske landoverflata. På toppen er ei hytte med enkel servering. Det er bratte stup mot Styggebrean i nord, Storjuvbrean i vest og Svellnosbrean i sør. Merka sti fører frå Juvasshytta i nordaust over Styggebrean (med breføring); omtrent 3 ½ time opp, frå Spiterstulen i aust over Keilhaus topp (2355 meter over havet), omtrent 5 timar opp, 3 timar ned.

Vesle Galdhøpiggen (Veslpiggen) 500 meter nordafor er Norges sjette høgaste fjelltopp, 2368 moh.

Berggrunnen er gabbro slik som det meste av Jotunheimen.

Historie

Styggebrean
Taulag over Styggebrean på veg mot Galdhøpiggen, 1968.
Av /Norsk Teknisk Museum.
Lisens: CC BY SA 3.0

Tidleg på 1800-talet var Snøhetta på Dovrefjell rekna for å vere Noregs høgaste fjell. På Eidsvoll i 1814 var slagordet «enige og tro til Dovre faller». Den første som gjorde trigonometriske målingar i Jotunheimen, var ingeniøroffiseren Theodor Broch i 1827. Men det var først i 1842 at Harald N. Wergeland kunne slå fast at Galdhøpiggen var høgare enn Glittertinden og Skagastølstindane. Likevel heldt diskusjonen fram utetter hundreåret, om ikkje Knutsholstindane mellom Gjende og Bygdin kunne vere høgare. Det var først etter at landmålaren Johan N. Hertzberg hadde føretatt sine oppmålingar i 1871 og 1873 at diskusjonen stilna.

I nyare tid var fyrste gongen nokon nådde toppen i 1850. Dette var ei gruppe med gardbrukar Steinar Sulheim, kyrkjesongar Ingebrigt N. Flotten og lærar Lars Arnesen, alle frå Lom. Desse nådde toppen frå Spiterstulen. Den første bymannen som gjekk til topps, var legen Axel Arbo i 1855. Første kvinne på toppen var den 18 år gamle dottera til Steinar Sulheim, Rønnaug Sulheim i 1856. I 1864 gjekk Ole Røysheim og botanikaren Axel Blytt til toppen frå Raudbergstulen via Juvflye.

Det er funne ei pil frå yngre jernalder på sjølve toppen.

Den første hytta på toppen vart sett opp av Knud Olsen Vole i 1888. Denne vart tatt av ein storm i 1919. I 1925 sette Lars Sulheim opp ei lafta bu på toppen, og året etter kom enda ei hytte. Desse stod til 1961 og 1969. Dagens hytte er frå 1975.

Veslpiggen er meir krevjande å bestige. Han vart fyrste gongen klatra i 1896 av Niklas A. Lindhult, E. Lindbäch og Knut Vole.

Kart

Kart
Kart
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg