Bilete av Svein Urædd, utgåve frå 1868
Den første utgåven av Svein Urædd, frå 9. desember 1868.
Bilete av Svein Urædd, utgåve frå 1868
Av /Digitalt museum/Nynorsk kultursentrum.

Svein Urædd var eit blad på landsmål som kom ut i Kristiania i perioden desember 1868 til juni 1871, siste halvåret under namnet Andvake.

Svein Urædd kom med første nummeret 9. desember 1868. Bladet vart starta av studentane Oskar Norman Eng, Lars Holst og Steinar Schjøtt og læraren Olav Flaaten. Dei kom saman kvar veke for å redigere det. Det var elles helst Flaaten og Schjøtt som styrte bladet, som var på fire sider og kom med eitt nummer i veka.

Bladet prenta dikt, bokomtalar, stortingsnytt og nytt frå utlandet. Det hadde historiske artiklar, artiklar om målreisinga og lesarbrev frå ulike landsdelar. Det trykte ein serie om norske stadnamn og personnamn. Det skreiv om segner, og det publiserte fleire salmar av Elias Blix, under signaturen IX. Fleire av vestmennene skreiv i bladet.

Frå januar 1871 kom bladet ut under namnet Andvake med to nummer i veka og med undertittelen «Trie Aargangen av 'Svein Urædd'». Steinar Schjøtt og Werner Werenskiold var no redaktørar.

Svein Urædd følgde i hovudsak Aasen-normalen. Andvake gjekk bort frå Aasen-norma og ville bruke former som låg nærmare uttalen. Men formene sprikte. I april 1871 skreiv Ivar Aasen eit lengre brev der han seier opp abonnementet på Andvake med ein bitande kritikk av språket og språksynet i bladet. Kladden er bevart, men det er uvisst om han sende brevet.

Både Svein Urædd og Andvake var tapsprosjekt. Steinar Schjøtt hevda at underskotet var 150 dalar første året, det same andre året og 80 dalar tredje året før Andvake gjekk inn 17. juni 1871.

Namnet «Svein Urædd» er henta frå folkeeventyra. Eventyret finst i fleire variantar. Ivar Aasen nedteikna og publiserte ein variant i Norsk Folkekalender i 1859.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Andvake, Kristiania 1871
  • Aure, Anton (1923): «Dei nynorske bladi. Ei stutt soge-oversyn», i Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin
  • Baklid, Herleik (1998): «'...for dei gav oss ein Arv til aa gjøyma'. Ivar Aasen og folkeminnene», Maal og Minne 2
  • Grepstad, Ottar (2010): Avisene som utvida Noreg. Oslo
  • Krokvik, Jostein (2002): Vestmannalagsreisaren og målreisaren Henrik Krohn. Bergen
  • Myhren, Magne (1994): «Kven skreiv 'Norske Nomn' i Svein Urædd 1869?», Nytt om namn nr. 20/1994
  • Svein Urædd, Kristiania desember 1868–desember 1870
  • S. [Steinar Schjøtt]: «Til ein og annan av Maalmennerne», Fedraheimen 4. september 1878
  • Skard, Vemund (1949): Frå Dølen til Fedraheimen. Oslo
  • Venås, Kjell (1996): Då tida var fullkomen. Ivar Aasen. Oslo
  • Ivar Aasen: Brev og dagbøker. Ved Reidar Djupedal, band 2. Oslo 1958
  • Ivar Aasen: Skrifter i samling, band 1. Kristiania og Kjøbenhavn 1911

Eksterne lenker

Kommentarar (1)

skreiv Jon Grepstad

I kjeldelista står det:
S. [Steinar Schjøtt]: «Til ein og anna av Maalmennerne», Fedraheimen 4.9.1878

«Til ein og anna» må rettast til: «Til ein og annan».

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg